Vist vekk frå sentrum

Ein mann i 20-åra blei seint i går kveld vist vekk frå sentrum i Kristiansund. Politiet fekk melding om at mannen, som var full, dulta bort i bilar, tok i bildører, plaga folk og trua med å slå dei. Han fekk difor pålegg om å halde seg unna sentrum.