Hopp til innhold

Visste ikkje om koronasmitte – var på trening og korpsøving

Til saman 45 personar i Ålesund kommune er sett i karantene etter at to personar har testa positivt for koronasmitte.

Koronatesting ved Ålesund sjukehus

SMITTE: To personar har testa positivt for koronasmitte i Ålesund. Dermed må totalt 45 personar i karantene, opplyser kommunen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Onsdag melder Ålesund kommune at dei har fått to nye tilfelle av koronasmitte i Ålesund.

Var på korpsøving

Den eine personen fekk påvist smitte tysdag kveld. Ifølge kommunen deltok vedkomande på ei korpsøving i Ålesund før han fekk vite at han kunne vere smitta.

– Korpset er informert. Nærkontaktane, familie og arbeidskollega er sett i karantene. Vedkommande deltok òg på ei treningsøkt. Her er 14 personar sett i karantene, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Smittekjelda er kjend, og kan sporast tilreisande frå annan stad i landet

Den andre smitta er nærkontakt og i familie med ein av dei som blei smitta ved Sjukehusapoteket i Ålesund. Ein rekke personar i Ålesund og Sula kommune har blitt smitta av eit utbrot ved apoteket. Vedkommande sat allereie i karantene då smitte vart påvist.

Så langt er 45 personar sett i karantene som følge av dei to smittetilfella.

Sjukehusapoteket i Ålesund

Ein rekke personar har blitt smitta etter eit utbrot ved Sjukehusapoteket i Ålesund.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Held på med smittesporing

Ålesund kommune opplyser at dei framleis held på med smittesporing, men meiner at dei har god kontroll på situasjonen.

– Det har gått veldig raskt å spore opp nærkontaktar, og risikoen for at mange er smitta er svært liten, seier kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad.

Han seier at det er uklart om fleire personar kan bli sett i karantene.

– Vi held på å kartlegge nærkontaktane til dei to, og dei som var på korpsøvinga og treninga for å finne ut om nokon av dei kan bli sjekka ut av karantene når vi har alle opplysningane på bordet, seier Mestad til NRK.

Ettersom det no er ei større gruppe i Ålesund som er i karantene ønskjer kommuneoverlegen å presisere at det berre nærkontaktar til personar med påvist smitte som skal i karantene.

– Dei som er nærkontaktar til nærkontaktar, treng ikkje gå i karantene. Samstundes gjeld dei vanlege reglane om å teste seg dersom ein har symptom på luftvegssjukdom, eller mistanke om at ein kan vere utsett for smitte, seier Mestad.