NRK Meny
Normal

Visste ikkje at dei dreiv piratkanal for eldre

I 32 år har Rindal kyrkje på Nordmøre tv-overført gudstenestene til kommunen sitt bu- og servicesenter. No er det slutt for landets eldste lokal-tv.

Slutt på kyrkje-tv for eldre i Rindal. Rindal kykje mista konsesjonen for åtte år sidan, men ingen sa ifrå.

SLUTT: I 32 år har Rindal kyrkje tv-overført gudstenester.

Det viser seg nemleg at Post- og teletilsynet har selt frekvensen deira – til stor fortviling for dei eldre på kommunen sitt bu- og servicesenter.

Tv-sendingane har overført direkte frå gudstenester og gravferder. Det har vore gjort i det små, men gleda det har gitt har vore stor.

– Eg syns det har vore heilt fantastisk å sitte her og sjå gudstenestene på tv, seier Synnøve Bye, ein av bebuarane ved Rindal bu- og servicesenter.

Gleder og sorger i 32 år

Rindal bu- og servicesenter

I 32 år har bebuarane ved Rindal bu- og servicesenter sett tv-overførte gudstenester.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

Via skjermen på veggen har bebuarane på institusjonen deltatt i gleder og sorger heilt sidan 1982.

– Ei av damene som låg her var ikkje i stand til å fare til kyrkja då mannen hennar blei gravlagd. Ho fekk likevel sjå gravferda på tv-en. Det er klart at slike ting betyr mykje, seier Bye.

Det er tydeleg at den direktesende tv-overføringa har betydd mykje for bebuarane på senteret, og eksempla er mange. Men dette kan det no bli slutt på.

For då sendaren i kyrkja blei plaga med forstyrringar i sommar, kontakta Rindal kyrkje Post og teletilsynet for å få hjelp. I staden fekk dei seg ei stor overrasking.

– Det skulle vise seg at vi ikkje hadde konsesjon til å sende gudstenestene, seier Jan Brødreskift, kyrkjetenar i Rindal kyrkje.

Selde frekvensen

For i løyvet frå Post- og teletilsynet, som kyrkja fekk i 1982, stod det at frekvensen berre kunne nyttast fram til nokon andre fekk behov for den. Og i 2006 blei frekvensen selt til fleire nasjonale kringkastarar.

Vibeke Skofsrud

I 2006 selde Post- og teletilsynet frekvensen til fleire nasjonale kringkastarar.

Foto: eirik haukenes / nrk

– Det betyr at dei nasjonale kringkastarane må ha kontroll på sitt eiget nett og dersom nokon andre nyttar seg av frekvensen så kan det forstyrre sendingane deira, seier Vibeke Skofsrud, rådgjevar i Post- og teletilsynet.

Det betyr at kyrkja sin konsesjon blei nulla allereie i 2006 då kringkastarane tok over frekvensen. Ein beskjed som Rindal kyrkje aldri fekk.

– Det står i avtalen at det kunne bli endringar i konsesjonen, men vi har ikkje fått beskjed om endring før no, seier Ingeborg Norlund, kyrkjeverje i Rindal kyrkje.

Håpar å kunne halde fram

Dersom ein ser på det reint juridisk, har kyrkja halde på med pirat-tv i åtte år, utan å skape problem. Likevel er det over og ut dersom ein ikkje finn ei alt for kostbar løysing.

– Vi håpar å kunne halde fram med sendingane, men eg veit ikkje korleis vi skal gjere det, seier kyrkjetenaren Brødreskift.

Kanskje blir løysinga ål be om godvilje frå dagens frekvenseigar.

På Rindal bu- og servicesenter er bebuarane tydelege på kva dei meiner.

– For oss er dette tilbodet utruleg viktig. Det er faktisk noko av det viktigaste vi har, seier Bye.