Hopp til innhold

Er du interessert i vinyl? Då er du ikkje åleine lenger!

Han (55) har 21.000 vinylplater, kanskje Noregs største samling. Ho (15) la sin elsk på vinylplater for eitt år sidan. Sidan 2007 har vinylomsetninga i Noreg nesten 30-dobla seg, og platebutikkar er plutseleg liv laga.

Vinylrenessansen

Karina, Bjørn Tore Jeppesen (oppe til høgre) og Steinar Remme har éin enkel ting til felles: Vinylinteresse. Den interessa er dei heller ikkje åleine om å ha.

Foto: montasje/Hans-Olav Rise / NRK

Artikkelen er delvis anonymisert etter publisering.

– Her er den. Denne plata har eg høyrt mykje på.

Kurt Cobain

Kurt Cobain døydde 5. april 1994, men musikken lev framleis.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

15 år gamle Karina sit på jenteromsgolvet på Sunnmøre. Ho har akkurat drege ut ein Nirvana-LP frå hylla.

Albumet kom ut i 1994, men hennar utgåve er ei nypressing. Gjeven ut i 2009. «Nirvana, MTV Unplugged in New York», står det på coveret.

Vinylplata glir enkelt ut av coveret, innercoveret blir tatt forsiktig, men raskt av – dette har ho gjort før. Eit kjapt blikk på LP-en, før plata roleg blir plassert på ein elektronisk platespelar – ei julegåve i 2011.

15-åringen går for andresporet, «Come as You Are».

Mange av venene mine synest vinylplater er litt kult. Men endå fleire lurer på kva vinylplater er. Folk på min alder veit ikkje kva vinylplater er.

Karina, 10. klassing frå Sunnmøre

Stiften glir rolig ned. Kurt Cobain startar med eit gitarriff, resten av bandet blir med, før Cobain syng: «Come ... as you are, as you were, as I want you to be ...».

På veggane rundt platespelaren heng det plakatar av den avdøde Nirvana-vokalisten. På golvet står det ein blå gitar.

I hyllene står ei ekspansiv og veksande samling av vinylplater.

Lidenskap gjennom fire tiår

I kjellaren av eit kvitt hus, 30 minutt frå Vigra. Steinar Remme har akkurat låst opp og opna døra til det viktigaste rommet i huset.

21.000 vinylplater, tett i tett. 15.000 LP-ar og EP-ar, 6.000 singlar. Gammalt og nytt. «Verdilause» plater, krydra med plater ein helst vil sjå overvaka 24 timar i døgnet.

Steinar Remme

21.000 vinylplater, mange av den sjeldne sorten.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Her blir alle behandla likt. Det er alfabetet, ikkje marknadsprisen som tel. Singelen eg nemnte tidlegare ser slik ut.

Remme har akkurat leita fram ein singel med svart omslag. Bandet er britiske Sex Pistols. Singelen er den kontroversielle – og hylla – «God Save the Queen», eit rebelsk angrep på britisk politikk og det britiske monarkiet.

– Denne såg eg blei selt for 110.000 kroner på nettet for litt sidan. Eg kunne sikkert fått det same. Dersom eg ville selje den, då.

Singelen er ei svært sjeldan førstepressing frå 1977. Ei av mange førstepressingar i «vinylhimmelen» til Remme.

Den enorme samlinga til 55-åringen har røter til tidleg på 70-talet.

Saka held fram under grafikken.

Omsetningstal for vinyl

Tala viser omsetningstala for plateselskapa ut av fabrikk. Tala er utan MVA.

Foto: Tuva Tagseth, grafikk / NRK

I 2007 small det

Skjermdump IFPI

Streaming av musikk er større enn det fysiske platesalet, viser statistikk for første halvår 2012.

Foto: Skjermdump IFPI.no

15-åringen og 55-åringen er to av mange i ei plutseleg veksande gruppe: Folk som kjøper vinylplater. Musikk prenta inn på store og keitete svarte rundingar.

Lyden og opplevinga er rett og slett betre, blir det sagt og meint.

I 2007 sendte plateselskapa ut vinylplater for 298.000 kroner, ifølgje tal frå IFPI Norsk Platebransje.

I år går omsetninga mot 8 millionar kroner.

– Det er mange faktorar bak desse tala, men alt kan summerast opp i ein reaksjon mot det digitale. Ein reaksjon mot både kvaliteten, formatet og digitale filer som lydberar, seier Roy Funner i IFPI.

IFPI distribuerer musikk for – mellom andre – plateselskapa Universal, Warner, EMI og Sony.

CD-død på TV

Det small i 2007, men i vinylsalet var framleis ikkje skyhøgt då vi hadde kome inn og ut av 2009.

Bjørn Tore Jeppesen blir intervjua i distriktssendinga til NRK Møre og Romsdal, direkte frå studio i Ålesund. Datoen er 19. august 2009, temaet er CD-plata sin død – det digitale tek over.

Det fysiske salet (les: CD-ane) peikar utelukkande nedover. Lovleg og ulovleg nedlasting, samt streaming har teke over.

Jeppesen driv platebutikk, Jukebox Platebar i Ålesund. Det ser ikkje lyst ut.

Saka held fram under videoen.

Studio med Bjørn Tore Jeppesen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

CD-en mot stupet er temaet når Bjørn Tore Jeppesen blir intervjua i 2009. Han gjev sin eigen platebutikk, «Jukebox», 5–6 år.

– Fornøgd med 5–6 år til

– Korleis er det eigentleg å drive platebutikk i desse internettider, spør programleiaren?

– Det er ikkje slik det var før, for 22 år sidan då eg starta. Tidene forandrar seg, seier Jeppesen til NRK.

Bjørn Tore Jeppesen

Bjørn Tore Jeppesen bak disken i musikkbutikken han driv.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Fryktar du for framtida?

– Ja, ein ser jo at Molde sin siste platebutikk akkurat har blitt lagt ned. Og éin tredjedel av alle platebutikkar har lagt ned drifta frå 2006 til 2008.

Han tippar det blir 5–6 år til med platebutikk. Men då kan det vere over og ut.

– Det er vanskeleg å seie, men CD-ar byrjar og bli for spesielt interesserte. Samlarar og slikt.

– Du er ikkje optimist på CD-en sine vegner?

– Eg har haldt på i 22 år, og vi er den eldste platebutikken i Møre og Romsdal. Får eg halde på i 5–6 år til så er eg fornøgd, fortel Jeppesen.

Vinyl blir ikkje nemnt med eitt ord.

– For ei tidsreise!

Tre år seinare: Vinylsalet går mot himmelen, CD-salet er framleis midt inne i eit vondt mageplask. Bjørn Tore Jeppesen sit i platebutikken sin, midt i Ålesund sentrum.

På skiltet utanfor kan ein lese «Jukebox», med store bokstavar. Vel innanfor døra er det nettopp ein jukebox som helser på deg.

Den er laga i 1959. Det kostar nokre kroner meir enn for 63 år sidan, men jukeboxen spelar som berre det.

Det er morosamt å drive butikk for tida. Eg gler meg til å kome på jobb, kvar dag. Det er mykje arbeid å drive ein platebutikk, men det er verdt det.

Bjørn Tore Jeppesen, eigar og drivar av musikkbutikken Jukebox i Ålesund

Platebutikken «Jukebox» er ikkje 63 år gammal, men den 15. november feirar platebutikken 26 år.

– For ei tidsreise det har vore! Då vi byrja i 1987 hadde vi eit bittelite stativ med CD-ar. CD-en var ganske ny då, og selte ganske så dårleg. Vi selte klart mest vinylplater, fortel Jeppesen.

CD-en tok derimot fullstendig over. På 90-talet hadde Jeppesen éin av fire platebutikkar inne på kjøpesenteret Moa. Kampen var hard, og no står «Jukebox» igjen som den siste reine musikkbutikken på Sunnmøre.

Og plutseleg sel han vinyl som aldri før.

– No går det vel mest vinylplater og minst CD-ar, slår han fast.

Saka held fram under bildet.

Bjørn Tore Jeppesen

Bjørn Tore Jeppesen, drivar av musikkbutikken Jukebox i Ålesund, fortel at stort hopp i vinylsalet gjer at han kan utvide. Her saman med jukebox-en som møter deg i døra.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Tabba seg heldigvis ut

Etter nokre kundar, får Jeppesen servert sitat frå 2009. Ifølgje spådomen ville «Jukebox» fort vere gravlagt innan seinast 2015.

Det blei lova at CD-en skulle utklasse vinylplata på alle måtar. Men dersom CD-en skal vere så overlegen, kvifor har for eksempel David Bowie si plate «The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars» blitt re-utgjeven 6-7 ganger i såkalla betre versjonar. Ikkje berre det, men reklama for den som kom i år sa om lag: «Dette er den ultimate versjonen, for denne høyrest ut som vinylversjonen for 40 år sidan». Kvifor ikkje berre kjøpe vinylplata?

Steinar Remme, vinylsamlar og punkpionér i Ålesund

– Ja, det ... Det er litt slik i denne bransjen at det er vanskeleg å sjå føre seg ting.

– Men eg bomma stygt. Og takk og lov for det! Vi sel mykje vinylplater for tida, og eg har merka den aukande interessa dei siste åra. Heilt overtydd har eg ikkje vore, men denne renessansen er koseleg for meg som har vore med lenge, seier Jeppesen.

Dei gamle travarane har vore innom jamt og trutt. Men vinylsalet i Noreg 30-doblar seg ikkje utan nye vinylkjøparar.

– Det er stort å få halde platene

– Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg er veldig glad i musikk. Og så er vinylplatene stilige, og eg likar lyden, seier 15 år gamle Karina.

– Det å halde platene er ganske stort. Eg føler meg meir knytt til bandet når eg held ei vinylplate, fortel ho vidare.

Platesamlinga er framleis lita. Ho har kjøpt sikre aksjar, i Nirvana, Foo Fighters og Oasis. Klassikarane er blanda med nyare band, som Twin Atlantic og Bastille.

Saman med hennar vinylplater står faren sine gamle vinylplater. Gammal storheit og gammalt «grums».

– Der er nokre plater eg helst ikkje vil erkjenne meg med, seier faren – i det han blir lett konfrontert av journalisten angåande Sissel Kyrkjebø si debutplate.

Eg blei invitert inn på ei Hi-Fi-forretning i Ålesund då CD-ane kom. Dei skulle demonstrere kor slitesterk éin CD var. Ekspeditøren slapp CD-en i golvet og gnei foten godt over. Oppripa og god blei den sett i spelaren. Ingenting fungerte, sjølvsagt, og vi som var der lo ganske så godt.

Steinar Remme, vinylsamlar og punkpionér i Ålesund

«Subtile» hint inn mot jula 2011

15-åringen fatta interesse for vinyl gjennom ein TV-serie. Den første plata i stort format kjøpte ho rett etter 14-årsdagen.

– Det var Muse si plate «Black Holes And Revelations». Det gjekk derimot eit halvt år før eg fekk høyrt plata.

For ei plate utan platespelar er meiningslaus for dei musikkglade. No i etterkant kan éi plate til om lag 200 kroner ha vore ei svært god investering.

Grunn:

– Foreldra mine måtte vel kjøpe meg platespelar til jul, sidan eg allereie hadde kjøpt plater. Dei synest det var litt dyrt, men eg fekk spelaren, fortel ho.

Det enda i fleire plater, 12 til saman, pluss fleire singlar. Vinylhandlinga har blitt godt hjelpt av konfirmasjonspengar.

– Og så hadde eg bursdag like etter konfirmasjonen. Men eg prøvar og ikkje bruke alle pengane på vinyl, smiler 15-åringen.

Saka held fram under bildet.

Karina Blindheim

Karina oppdaga vinylplater gjennom TV-serien «One Tree Hill» for mange år sidan. I fjor starta ho ei eiga samling. Her sit ho på rommet og spelar gitar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

«Du synest altså vinylen er best?»

Plassmangel for vinylsamling

Sa nokon vinylsamling for vidarekomne? Remme har plassmangel, og ein klar plan om å utvide. Kva må forsvinne? Jau, det gamle VHS-rommet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Mannen med 21.000 vinylplater, Steinar Remme, går vel ikkje inn for å bruke alle pengane på vinyl. Men det går med nokre kroner.

For dei som trudde han var verdas mest subjektive vinylforkjempar: Remme har over 5.000 CD-ar òg.

– Men eg meiner vinylen er overlegen dersom du har eit godt anlegg og ei god vinylplate.

55-åringen var éin av pionerane i punkmiljøet i Ålesund. Han har gjeve ut fleire LP-ar, samt CD-ar i nyare tid. Kvar kvaliteten ligg er han ikkje i tvil om.

– Eg har faktisk køyrt mange testar, blindtestar. CD-fanatikarar har ikkje visst kva som er kva, og så kjem tommelen opp. «Du synest altså vinylen er best?», seier eg.

– Dei blir ganske lange i maska då, nikkar Remme.

Saka held fram under bildet.

Steinar Remme

Steinar Remme fortel at han kan strekkje seg langt for å få tak i ei sjeldan utgåve av eit favorittband.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Platespelar

Platespelaren til Remme er av merket Sansui. – Eg betalte 12.000 for den i 1979, fortel han.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Trend, mote, hype?

Remme starta samlinga si då han i 1972 gjekk seg på ein god deal på ein platebutikk i Ålesund.

– Eg byta 70–80 kassettar mot 35–40 LP-ar. I dag står det igjen som ein kanondeal, gliser musikkelskaren.

Han har blitt intervjua av bladet Record Collector på grunn av samlinga si. Han byrja med punk og rock etter mange år med vinyl. Musikkunnskapen er både vid og brei.

At det skulle kome ein vinylrenessanse hadde han derimot ikkje ensa ein tanke.

– Men eg synest det er utruleg bra, at unge folk ha fått auga opp for vinyl. Men eg lurer litt: Er det fordi det er hipt og ei motesak? Eller er det faktisk formatet og lyden?

– For min del er det heile pakka. Den visuelle sida, med stort cover, gjerne utbrettcover. Tekstane inni, og LP-en inst, seier Remme engasjert.

Eg har vore ute og reist ein del, og eg ser trenden i utlandet. Det er kafé og vinyl i eitt i Danmark. I USA og England poppar det opp reine, store vinylbutikkar. Dei sel både brukt og nytt, slik som her.

Bjørn Tore Jeppesen, eigar og drivar av musikkbutikken Jukebox i Ålesund
Rough Trade

Her er ein yngre Steinar Remme avbilda på baksida av bandet Rough Trade sin EP. Eitt av mange punkband Remme har spelt i.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Som ein sjukdom

Og mannen kan strekkje seg ganske langt for den perfekte plata.

– Eg vil gjerne ha originalplater. Det blir som ein sjukdom.

– Har du rekna på kor mykje pengar du har brukt på vinyl?

– Åååh ... Eg har ikkje gjort det, men andre har gjort det for meg. Men LP-ar eg har betalt 15 kroner for her i Ålesund kan plutseleg bli selt for 12.000 på eBay.

– Du kunne tent deg svært rik om du selte delar av samlinga di?

– Ja, det kunne eg nok, dersom eg hadde fått takstpris for platene som er mykje verd.

Sex Pistols-single

Dei fleste av oss hadde nok ikkje gjetta verdien av denne Sex Pistols-singelen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er mellom anna Sex Pistols sine singlar. Og så har eg jo førstepressinga av The Beatles sin «Yesterday and Today» med Butcher-coveret, startar Remme, før det kjem fleire plater på rekkje og rad.

Det er i alle fall ikkje tvil: Vinyl er musikklidenskap. Det gjeld for både den unge og vinylforelska jenta, samlaren gjennom eit heilt liv og for platebutikkeigaren – som no kan utvide.

– Eg hadde nok sett mørkt på platebransjen om vinylen ikkje hadde kome tilbake i det heile. Håpet no må vel bli at eg får drive til eg pensjonerer meg, seier ein humrande Bjørn Tore Jeppesen på snart 26 år gamle Jukebox i Ålesund.

Kva synest du om vinyl som musikkformat? Og er lyden frå vinyl eigentleg betre enn det ein får frå ein CD eller ei fil?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL