Hopp til innhold

Vinterturismen går til topps

Det kan gå mot den beste sesongen for vinterturisme nokon gong her i fylket. Alpelandskapet i Møre og Romsdal lokkar stadig fleire turistar til skiglede og toppturar.

Topptur til Brustind i Romsdal

Brustind i Tomrefjorden er eitt av mange vakre fjell i Romsdal som lokkar vinterturistar til toppturar.

Foto: Einar Engdal/visitnorthwest.no

Kvasse tindar og freistande fjellsider som stuper rett i fjordane, drar til seg stadig fleire skituristar. Utlendingane har for alvor oppdaga at landsdelen er eit eldorado også vinterstid.

– Dette bli ein fantastisk sesong med masse skigjester frå inn- og utland. Skientusiastar frå heile verda set kursen mot fjella våre. Det ser veldig, veldig bra, ut, seier marknadssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Reiselivsselskapa er varsame med nøyaktig tal på kor mange frå utlandet som kjem denne sesongen, men reknar med besøk av fleire tusen.

Toppturar er hot

Sunnmørsalpane med Hjørundfjorden, Romsdalen og spesielt Sunndalen har størst tiltrekkingskraft på skientusiastar frå all verdas kantar.

– Vi har ei unik råvare i verdsklasse som stadig fleire oppdagar. Flotte fjell og fjordar som skjer seg inn i landskapet, er eit interessant produkt for stadig fleire, seier reiselivssjef Roar Harsvik i Visit Nordmøre og Romsdal

Også han stadfester at vinterturisme med toppturar på ski, opplever ein eksplosiv vekst på våre kantar.

Toppturfestivalane som Sunndal Skisession og Romsdalsvinter, er trekkplaster som er med på å introdusere nye område for eitt nytt publikum, erfarer Harsvik.

– Festivalane har gitt både fjell- og vinterturismen i Sunndal og Romsdal masse god omtale i bransjeblad. Slikt drar stadig fleire til distriktet vårt, seier han.

Unik kombinasjon

Vinterturistane og særleg utlendingane, lar seg trollbinde av kombinasjonen fjord og fjell.

– Når vi kan stille med levande bygder langs blå, vakre fjordarmar og guida skiturar til topps på kvasse tindar, er vi uslåelege. Å kunne danse ned fjellsidene og møte fjorden og fjæra langt der nede, er opplevingar som knapt finst andre stader, meiner reiselivsnæringa.

Effekten på lokalsamfunnet har for lengst slått inn. Både i Romsdalen med Rauma og på Sunnmøre med Hjørundfjorden driv no mange, små og lokale guideselskap og andre arrangørar med fjellføring og overnatting. Somme har drive profesjonelt i fleire år, og andre kjem til, seier Tom Anker Skrede.

Også på Indre Nordmøre er liknande tilbod etablert, og fleire er i kjømda, stadfester Roar Harsvik.

Nokre vinterturistar har alt hatt si ferieveke i den nordvestlandske fjellheimen. Men storinnrykket , også frå utlandet, er venta frå midten av februar til byrjinga av mai.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL