Hopp til innhold

Den tørre vinteren plagar allergikarane

Astmatikarar slit med det støvete vêret vi har i desse dagar. Les tipsa her!

Mann med lommetørkle

Tørt vintervêr og lite snø utgjer ein dårleg kombinasjon for landets mange astma- og pollenallergikarar.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Monica Dalseth

Monica Dalseth er regionssekretær i Norge Astma- og Allergiforbund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vi har lagt bak oss ein rekordtørr start på året. Ein ting er brannfaren. Ein anna ting er at vi alle pustar inn grus og støv som kvervlar opp frå bakken.

Mykje svevestøv

Monica Dalseth, regionssekretær i Norges Astma- og Allergiforbund, seier det er tungt for enkelte å vere ute no.

– Det er vanskeleg for astmatikarar å vere ute når det kaldt. Når det attpåtil er så tørt som det er no, så vert det mykje partikkelforureining og svevestøv.

– Då er det fare for at ein vert meir lungesjuk og får luftvegsproblem, legg ho til.

Fleire akuttbesøk

For tida er det langt fleire sjukehusinnleggingar og akuttbesøk blant allergikarar enn elles, seier regionsekretæren. Kombinasjonen av piggdekk, lang tørke og sterk vind er ikkje ideell.

– Det er ikkje noko vi gler oss over. Vegtrafikken er ei stor kjelde til svevestøvet. Når det er så kaldt ute, så bør ein ideelt sett puste gjennom nasen, men for mange er det vanskeleg. Då får ein partiklane ned i lungene.

Å halde seg inne er heller ikkje ei fullgod løysing.

– Dårlegare uteluft gir også eit dårlegare inneklima. Eit klima som vi har i dag er dårleg på alle måtar, seier Dalseth.

Bruk maske

Dalseth trur ikkje det er nødvendig å bruke ei tradisjonell ansiktsmaske til ei kvar tid, men legg fram Jonas-maske som eit alternativ for dei som har behov.

– Det er ei varmemaske som er tilrådd for astmatikarar og dei med kols. Det kan vere eit godt hjelpemiddel, seier ho.

  • Les også:

Vidare oppmodar Dalseth oppmodar kommunane til å nytte litt av ressursane til å vaske dei støvdekte bilvegane.

– Det hadde hjelpe veldig på, seier ho.

Forsterka pollenallergi

– Kva vil den snøfattige tørre vinteren gjere med pollensesongen når den kjem – vert han betre eller verre?

– Vi kan ikkje seie om det vert meir eller mindre pollen, men det vi veit er at høg luftforureining kan gjere at pollenallergien vert forsterka, seier Dalseth.

Sjekk luftkvaliteten der du bur her.