Hopp til innhold

Her får alle vere med i dei olympiske leikane

Den milde vinteren har vore grunnen til at mange vinterarrangement har blitt avlyst. Slik vart det ikkje for desse barna som onsdag presterte i vinter-OL.

OL Ellingsøy barnehage

Her er barnehagebarna i gong med improvisert slalåm.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK
OL Ellingsøy barnehage

Pedagogisk leiar i barnehagen (i svart), Turid Stette, seier at barna er veldig opptekne av OL.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

OL vert vanlegvis arrangert med låge temperaturar på kvitt underlag. Men dei snøfrie markane set ingen stoppar for Ellingsøy barnehage som i dag konkurrerte i dei olympiske leikane.

Edward er første mann i elden i slalåm, eller i det såkalla sikk-sakk-løpet. Han er meir enn klar for løypa, og tippar at han vil komme i mål innan seks minutt.

Edward hadde ingen tid å miste og kom i mål etter kjappe sju sekund. Han var veldig nøgd med resultatet.

Albert er nestemann, og har bestemt seg for å springe veldig fort.

– Eg skal springe minst i 100, seier han, og slår Edward med eitt sekund.

«Dei alternative leikane»

Når snøen ikkje kjem må arrangørane vere kreative. Difor er dagens OL-greiner litt utanom det vanlege. På planen står kasting på blink, hopping, sykkelløp og improvisert slalåm.

– Vi vil markere OL her saman med barna, og når vi manglar snø må vi vere kreative med eigne aktivitetar, seier Turid Stette, pedagogisk leiar i barnehagen.

  • Les også: Filip er med i OL-troppen
  • Høyr radiosaka:

Dette er det vi kan kalle Sunnmørske olympiske leikar – der ein heller må ha lengdehopp i sandkassa enn langrenn.

– Det er kjekt å ha ein fest i barnehagen av og til, og barna er veldig opptekne av dette og syns det er kjempekjekt, seier Stette.

OL Ellingsøy barnehage

Når snøen manglar må det alternative OL-greiner til.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK