Grunneigarane blei orienterte om planane i går. Det aktuelle området er på begge sider av riksvegen ved Linvågvatnet.
Avgjerda ligg kanskje tre år fram i tid, seier administrerande direktør i Neas, Knut Hansen, til Tidens Krav.
Det kan bli snakk om investeringar på mellom 300 og 400 millionar kroner. Knut Hansen seier at dei vil ha ein årleg produksjon på mellom 120 og 130 gigawattimar - like mykje som den vasskraftproduksjonen Neas har i dag.