NRK Meny
Normal

Vindkraftverk i Sandøy

Men NVE har avslått dei fleste søknadene om utbygging av vindkraft i Møre og Romsdal.

Havsul

Havsul

Foto: Kart: NRK Møre og Romsdal

NVE har sagt ja til selskapet Havguls prosjekt Havsul I, det prosjektet som hadde mest støtte lokalt. Både Sandøy kommune og fylkeskommunen var positive. Det same var Direktoratet for naturforvaltning.

NVE har også gitt konsesjon til Haram vindkraftverk på Haramsøya.

Avslag

NVE har avslått konsesjonssøknaden for Havsul II utanfor Giske og Haram. Haram kommune har sagt ja, Giske kommune sa nei etter fokeavrøysting.

Havsul IV fekk også avslag. Eide kommune har sagt ja, Averøy kommune nei.

NVE har også avslått konsesjonssøknadene for Haugshornet vindkraftverk i Sande og Fræna vindkraftverk.

Ja til Havsul I

Dette prosjektet skal byggjast utanfor Harøya, og er det første store vindkraftprosjektet så langt ut mot havet som får konsesjon i Noreg. Vindkraftverket vil produsere om lag 1 TWh (terawattimar). Krafta skal matast inn i transformatorstasjonen til Ormen Lange-anlegget på Nyhamna.

NVE har som hovudgrunngjeving for å gje konsesjon at vindkraftverket er stort og vil kunne produsere mykje fornybar kraft. Planane er justerte slik at anlegget kjem lenger frå land enn opphavleg planlagt, dermed blir synsinntrykket redusert. Det er gitt pålegg om eit miljøovervakingsprogram, og dermed vil vindkraftverket gje verdifull kunnskap om tekniske og miljømessige verknader av vindkraft så langt ute på norskekysten, meiner NVE.

Nei til Havsul II og IV

Havsul II ved Haram og Giske og Havsul IV ved Averøy og Eide er avslått fordi NVE ønskjer meir kunnskap om verknadene av havbasert vindkraft langs Mørekysten, spesielt når det gjeld fugl. Dessutan vil Havsul IV vere i direkte konflikt med det planlagde reservatet for sjøfugl på Orskjera utanfor Averøya.

NVE meiner også at fleire vindkraftverk langs Mørekysten vil kunne vere for visuelt dominerande i kystlandskapet. Alle søknadene i Møre og Romsdal er behandla under eitt for å kunne samanlikne prosjekta og sjå på verknadene av dei i samanheng.

Nei til Fræna og Haugshornet

NVE grunngir avslaga med at områda har svakare vindressursar og lågare forventningar til produksjon enn eksisterande vindkraftverk i regionen. Dessutan kan desse kraftverka blant anna få verknader for fugl.

Ja til Haram vindkraftverk

Dette vindkraftverket på Haramsøya skal produsere om lag 0,2 TWh. NVE legg vekt på at det er svært gode vindforhold i området og at det er gjort tiltak for å redusere dei visuelle verknadene og verknadene for fugl og filuftsliv. NVE meiner dei negative verknadene blir reduserte ved at det berre skal byggjast turbinar på Haramsøya og at ein turbin blir fjerna frå prosjektet.