Hopp til innhold

Vindkraftutbyggar blir trua med sabotasje

Utbyggaren som skal sette opp åtte vindturbinar på Haramsfjellet bur seg på sabotasje og hærverk. No går dei til politiet.

Vindkraft Haramsøya

Det skal byggast åtte vindturbinar på 150 meter på Haramsfjellet. Mange i lokalbefolkninga vil stanse prosjektet.

Foto: Zephyr

Om knappe to veker skal arbeidet med å bygge åtte vindturbinar på Haramsøya utanfor Ålesund starte. Vindkraftanlegget fekk konsesjon i 2008, men først no blir det ein realitet. Motstanden i lokalbefolkninga er stor og fleire ynskjer stanse utbygginga.

Utbyggaren Zephyr har teke imot signal om sabotasje, både på e-post og i sosiale medium. Dagleg leiar, Olav Rommetveit, seier at dei tar dette alvorleg.

– Vi har fått varslar om at det blir Frøyatilstander. Det er klart at det vi ser på Frøya tar vi sterk avstand frå, seier Rommetveit.

På Frøya har situasjonen mellom utbyggar og motstandarar vore svært konfliktfylt. Fleire gongar har aksjonistar hindra anleggsarbeidet. Trønderenergi meiner også dei er utsett for hets og sjikane og har politimeldt aksjonistane fleire gongar.

Olav Rommetveit

Olav Rommetveit i Zephyr vil involvere politiet.

Kontaktar politiet

Rommetveit seier at dei tar kontakt med politiet, for å førebu seg på kva som kan skje.

– Det er vanskeleg å sjå for seg alle scenario, men det er nettopp dei scenaria vi ynskjer å diskutere med politiet, slik at både vi og dei veit korleis vi skal forhalde oss, seier Rommetveit.

Selskapet lagar no ei risikovurdering for byggeplassen dersom det skulle oppstå sabotasje og hærverk.

Amper stemning

Tysdag inviterte utbyggaren til ope møte med bygdefolket på Haramsøya, slik at dei kunne få svar på spørsmåla sine. Rundt 30 personar møtte opp og vindkraftmotstandar Birgit Oline Kjerstad var så provosert at ho tok fysisk tak i Rommetveit. I etterkant seier Rommetveit at han opplevde dialogen på møtet som god. Han forstår at folk er bekymra for korleis anlegget skal påverke kvardagen deira og seier at konsekvensutgreiinga burde ha gitt bygdefolket tillit til at anlegget er til å leve med.

– Vi registrerer at slik er det ikkje og då må vi ta arbeidet med å snakke med fleire og ha ope kontor for å gjere folk trygge på at konsekvensen av anlegget går det an å leve med, seier Rommetveit.

Vindkraftmotstandarar møter utbyggarar - Haramsøy

Birgit Oline Kjerstad var så provosert under eit møte med utbyggaren at ho fysisk tok tak i Olav Rommetveit.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tar avstand frå sabotasje

Birgit Oline Kjerstad er leiar for aksjonsgruppa og ho ser ikkje bort frå at dei vil bruke sivil ulydnad som aksjonsform, men tar avstand frå påstandar om sabotasje.

– Sivil ulydnad er heilt lovleg. Sabotasje kjem vi ikkje til å drive med. Gruppa vår har vedtekter og vi er skikkeleg folk, som er saklege. Vi kjem til å halde fram med det, seier Kjerstad.

Ho forstår at utbyggaren kan oppleve det som ein sabotasje at folket ikkje aksepterer vedtaka som er gjort. Ho meiner det er gjort feil både i konsekvensutgreiinga og detaljplanen og ynskjer at Olje- og enregidepartementet vurderer saka på nytt.

–Vindkraftanlegget er i stor konflikt med naturreservatet og havørna, vandrefalken og raudlista sanglerke, seier Kjerstad.

NVE godkjende nyleg detaljplanen for bygginga, men Haram kommune har varsla at dei vil klage på vedtaket. Zephyr startar likevel byggearbeidet, før klagen er handsama.