Vindkraftmøte med Tina Bru

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) er i spissen for ein delegasjon frå Møre og Romsdal som skal møte olje- og energiminister Tina Bru i dag. Torve skal diskutere vindkraftanlegget som er under bygging på Haramsøya. Stortinget vedtok nyleg at regjeringa skal vurdere om gjevne vindkraftkonsesjonar har følgd energilovgjevinga og forvaltningslova sine krav.

Birgit Oline Kjerstad, Eva Vinje Aurdal og Tove-Lise Torve på folkemøte på Haramsøya
Foto: Frode Berg