Ferjeselskap vil slutte å annonsere når dei skal frakte dynamitt

Vindkraftmotstandarar stansa transport av dynamitt med ferja til Haramsøya tysdag. No vil ferjeselskapet slutte å varsle om farleg last på førehand.

Dynamitt transport Haramsøya

Planen var å hindre transport av dynamitt som skulle til vindkraftutbygginga på Haramsøya.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Rune Haaland

Rune Haaland i Motvind Noreg seier at 13 personar sørga for at ein bil med farleg last ikkje fekk bli med ferja.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tysdag morgon stakk motstandarane av vindkraftanlegget på Haramsøya kjeppar i hjulet for byggearbeidet igjen.

Denne gongen hindra dei transport av dynamitt på ferja. Reglane seier at det berre kan vere 12 personar om bord når ferja transporterer dynamitt. Motvind Noreg organiserte det dei kallar eit ferjecruise på fjorden, med 13 passasjerar.

– Til no har det vore ein herleg cruisetur, fram og tilbake 3–4 gongar. Heilt fredeleg, utan å demonstrere. Vi berre sørga for at det var nok passasjerar til å hindre dynamitten, seier Rune Haaland i Motvind Noreg.

Stoppa feil bil

Are Eliassen

Are Eliassen er prosjektleiar i Skanska, som bygg fastlandssambandet Nordøyvegen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Planen var å stoppe to bilar med dynamitt, men dei fekk berre hindra den eine. Den bilen som vart hindra tilhøyrer ikkje vindkraftutbyggaren, men derimot dei som bygg fastlandssambandet Nordøyvegen.

Prosjektleiar i Skanska som bygg fastlandlandssamband, Are Eliassen, er skuffa over det som skjedde.

– Det betyr forseinkingar i prosjektet og auka kostnader. Det betyr også mykje frustrasjon og irritasjon, som vi burde ha vore skåna for, seier Eliassen.

Haaland i Motvind Noreg har ikkje dårleg samvit for å ta stoppa feil dynamittbil.

– Alle veit kva som går føre seg på Haramsøya. Det skjer ein grov urett mot folket. Ein må respektere at folk forsvarar øya si. Eg har ikkje mykje sympati for at dei må vente på ei ferje før dei kjem over, seier Haaland.

Vil slutte å annonsere

Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjer i Norled

Inge Andre Utåker i Norled seier at dagens hending var ubehageleg for ferjeselskapet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Det er ferjeselskapet Norled som driftar ferjene i sambandet. Regionsjef Inge Andre Utåker seier at situasjonen i dag kjennest ubehageleg.

– Det gjer det umogleg for oss å gjere jobben vi er betalt for å gjere av Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi kjem i ein situasjon der vi må velje mellom fleire dårlege løysingar, seier Utåker.

No har dei bestemt seg for å la vere å annonsere transport av farleg last.

– Vi skjermar dei turane der det er mange skuleungdommar og pendlarar, seier Utåker.

Han seier at ferjedrifta ikkje er lagt opp til at folk skal vere på rundreise, utan å gå i hamn. Norled vil likevel ikkje stoppe passasjerar å ta rundturar, men dei kjem til å bli bedne om å gå av ferja dersom dei står i vegen for transport av farleg last.

Politi på ferjekaia på Haramsøya

Politiet var synleg til stades på Haramsøya tysdag.

Foto: Aud Sørvaag

Tre blei politimeld

Innsatsleiar i politiet, Per Ivar Hovden, seier at all dynamitt no har kome til Haramsøya.

Aksjonistane samla seg seinare ved bommen for å hindre at bilen med dynamitt fekk køyre til anleggsområdet. Det er innført opphaldsforbod i byggeområdet på Haramsfjellet etter stadige aksjonar.

– Det er ingen av oss som er spesielt bekymra for å få nokon bøter for å forsvare naturen, seier Rune Haaland.

Politiet fjerna tre personar og frakta dei vekk frå bommen tysdag. Desse blir meld og risikerer å bli bøtelagde.

Vindkraftmotstandarar sperra vegen til Haramsfjellet

Tre personar vart politimeld etter å ha sperra trafikken for vindkraftutbyggarane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK