Hopp til innhold

Statsministeren fekk klar melding frå vindkraftmotstandarar

Erna Solberg ga ingen lovnader om stans av vindkraftutbygging på Haramsfjellet. – Feigt, seier aksjonsleiar.

Statsminister Erna Solberg (H) får orientering om vindkraftsaka på Haramsøya av aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad.

Sjølv om statsminister Erna Solberg (H) fekk klar beskjed frå aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad under møtet på tysdag er det lite ho kan gjere for å stoppe utbygginga på Haramsøya, seier ho.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Presisering: I ein tidlegare versjon brukte vi formuleringa at statsministeren "ikkje ville stoppe vindkraftutbygginga" og at Stortinget har stramma inn konsesjonssystemet. Det rette er at Regjeringa har foreslått ei innstramming for Stortinget, som førebels ikkje har tatt stilling til saka. Statsministeren uttalar seg ikkje konkret om utbygginga fordi saka er til behandling i rettssystemet.

Motstandarar har prøvd det meste for å hindre at åtte 150 meter høge vindturbinar blir plasserte på Haramsøya på Sunnmøre. Tysdag møtte aksjonsgruppa statsminister Erna Solberg (H).

– Eg har forståing for at dette blir opplevd som vanskeleg for dei som bur på Haramsøya, seier Solberg.

Meir enn forståing kunne ho ikkje gi dei, sjølv om ho fekk ein tydeleg bodskap frå vindkraftaksjonistane.

– Det var viktig for meg å få henne til å forstå at dette er veldig negativt for vårt lokalsamfunn, sa leiar i aksjonsgruppa «Nei til vindkraftverk på Haramsøy», Birgit Oline Kjerstad etter møtet.

Langvarig kamp

Kampen om Haramsfjellet har gått føre seg lenge. Vindkraftkonsesjonen blei gitt i 2009, men byggjeplanane blei ikkje ei realitet før i 2019.

Då hadde det gått så lang tid at vindkraftmotstandarane trudde prosjektet var lagt bort. Ikkje følte dei at dei hadde blitt involverte i prosessen heller.

Aksjonsgruppa meiner også at det er blitt gjort så mange saksbehandlingsfeil at konsesjonen ikkje er gyldig. Dei har klaga, dei har aksjonert og dei har vore i møte med regjeringa.

Statsminister Erna Solberg vedgår at prosessane har vore for dårlege i konsesjonssystemet tidlegare.

– Vi har tatt konsekvensane av dette og difor har regjeringa foreslått for Stortinget å stramma inn konsesjonssystemet, slik at ein blant anna tar større omsyn til avstand der ein skal bygge.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg lytta og noterte under møtet med aksjonsgruppa «Nei til vindkraftverk på Haramsøy» tysdag.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

– Feigt av statsministeren

At regjeringa har foreslått innstrammingar er likevel til lite for motstandarane på Haramsøya. Birgit Oline Kjerstad meiner statsministeren skulle ha kome på besøk for lenge sidan.

– Eg synest det er litt feigt at statsministeren nektar å høyre på at denne konsesjonen bør behandlast på nytt, samtidig som regjeringa går langt i å seie at her har det vore dårlege prosessar, seier Kjerstad.

Statsministeren var nemleg veldig tydeleg på éin ting under møtet på tysdag, og det er at konsesjonen som er gitt for utbygging på Haramsfjellet er gyldig. Olje- og energidepartementet har også gått igjennom konsesjonen, og dei fann ingen grunn til å stanse utbygginga midlertidig.

– Der er ikkje noko grunnlag for å stoppe konsesjonen. Det er berre domstolane som kan seie at dette er ugyldig, understrekar Solberg.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad var ein av dei mange som prøvde å stoppe anleggsmaskiner i å ta seg opp til Haramsfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Til retten

Sist veke var det nettopp domstolane motstandarane la fram saka si for. Dei møtte utbyggjaren av vindturbinane i retten for å prøve å stanse utgravingane som er i gang på øya.

Utbyggjar Haram Kraft på si side seier dei har vore i kontinuerleg dialog med tidlegare Haram kommune og at dei følgjer kva NVE seier. Dei vil dessutan tape fleire hundre tusen på nye forseinkingar, hevdar selskapet.

Resultatet av dagane i rettssalen kjem om vel ei veke.

– Eg håper inderleg det går vår veg. Vi meiner at vi har sjanse til å vinne saka, seier Kjerstad.

Gravearbeidet på Haram vindkraftanlegg er i gang

Gravemaskiner kom seg til slutt opp på Haramsfjellet etter at aksjonistar blokkerte vegen opp gjentatte gongar.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK