NRK Meny
Normal

Vindkraft i Vestlandsrådet?

Fylkesordførar Jon Aasen vil at spørsmålet om ein vindkraftplan for kysten skal takast opp i Vestlandsrådet.

Fylkesordførar Jon Aasen
Foto: Møre og Romsdal Fylke

- Slik situasjonen no er, skaper vindkraftdebatten fort vondt blod mellom folk, og vennskap og naboskap blir truga, seier Aasen.

 

Natur mot pengar

- Vi kan ikkje ha det slik at kva selskap som helst kan lokke med pengar slik at naturverdiar blir sette opp mot kroner i kommunekassa i ei sak som storsamfunnet bør ha eit større ansvar for. Denne konflikten kan ikkje halde fram, seier fylkesordføraren.

Plan for Vestlandskysten

Jon Aasen seier at Møre og Romsdal inviterte Bondevik-regjeringa til samarbeid om ein samla plan for vindkraftutbygginga utan å vinne gehør for det. - Vi trudde kanskje i vår naivitet at Stoltenberg-regjeringa hadde litt større sans for statleg styring på dette området, men igjen fekk vi nei. No må vi berre gjere det sjølve, seier han.

Aasen meiner at kysten av Vestlandet er eit naturleg område for ein slik plan. Han viser til at Hordaland fylkeskommune har laga ein vindkraftplan som kan brukast som utgangspunkt, og seier dette bør vere ei sak for Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit organ for samarbeid mellom fylkestinga i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Rådet har fem medlemmer frå kvart av fylka. Dei er valde av og blant fylkestinga sine medlemmer.

Vestlandsrådet skal arbeide for å utvikle Vestlandet som region gjennom

  • Felles satsing, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen
  • Å fremje interessene til regionen
  • Å arbeide for heilt eller delvis å kunne forvalte statlege oppgåver, ressursar og verkemiddelstyring