– Vinden tok tak i fartøyet, og så blei den skubba inn mot sida. Så vi måtte gå ut og ta retrett, for å så å prøve på nytt igjen.
Styrmann på M/F Bjørnsund, Bjørn Christian Jakobsen, har ingen enkel jobb når vinden bles.
Når NRK besøker M/F Bjørnsund er det kanskje ikkje storm, men forholda er svært krevjande på Tustna-sida av sambandet – akilleshælen og grunnen til at fleire avgangar er innstilte på sambandet.
– Det er vanskeleg å halde ferja inntil kaia når vi har rein vestavind. Så dei verste forholda er vestleg vindretning her på Tustna, seier Jakobsen.
Innstilling etter innstilling
Vêret i fylket gjer at ei heil gate i Kristiansund sentrum må sperrast av, samstundes som ferjesamband etter ferjesamband må innstillast.
Berre onsdag kveld, etter klokka 20.00, har Fjord1 meldt om problem på tre ferjesamband.
«Fylkesveg 669 i Møre og Romsdal: Smølaferga med innstillingar. Avgangen frå Edøya klokka 20.20 og avgangen frå Sandvika 20.45 er innstilt på grunn av sterk vind».
På rute 34 frå Molde til Sekken blir avgang klokka 21.45 frå Sekken og avgang 22.30 innstilt. På sambandet Seivika til Tømmervåg blei avgangar 20.00 og 20.30 innstilt på grunn av vêret.
Nettopp det siste sambandet vitja NRK tidlegare onsdag.
– Ikkje den beste staden å ligge
Om bord kimar det stadig i telefonen, for innstillingar og forseinkingar er ikkje nytt for dei reisande på ferjesambandet.
– Vi har fått mange telefonar om vêrforhold, rutetider og slikt gjennom heile dagen eigentleg, seier styrmann Jakobsen.
Haavard Knudseth-Michalsen er passasjer, og forstår at ferja slit i vinden.
– På Tømmervågen brukte den 10 minutt på å kome til kai. Så det er kanskje ikkje den beste staden å ligge i dette vêret, seier han til NRK.
Det er nemleg ei verkeleg konsentrasjonsøving for dei som styrer ferja, spesielt når ein legg til kai.
– Ja, utan tvil, utan tvil, avsluttar Jakobsen.