Hopp til innhold

Ville tvinge dottera til ekteskap

Ein mann busett i Romsdal har blitt dømt til 1 år og 4 månader i fengsel for forsøk på tvangsekteskap.

Dom i høgsterett

Høgsterett legg vekt på at handlemåten til domfelte var vanskeleg for dottera.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

I desember 2011 inngjekk mannen ein avtale med bror sin i Iran om at dottera, som då var 16 år gammal, skulle giftast bort til nevøen i Iran.

Den domfelte, kona og to døtrer flykta frå Iran og kom til Noreg i februar 2010.

Sosialt press

Frå avtalen vart inngått og fram til mars 2012, påpeika han dagleg overfor dottera at ekteskapet måtte bli inngått på grunn av kulturen og tradisjonen deira, står det i dommen til Høgsterett.

Jenta fekk høyre at ho ikkje hadde noko val, og at ho ved å nekte førte skam over familien, og at dei ville bli utstøytte av resten av familien. Sjølv uttrykte ho at ho ikkje ville gifte seg med søskenbarnet sitt, men med nokon ho var glad i.

Heldt tilbake pengar

Mannen, som er i 40-åra, førebudde ekteskapet ved å sende bilde av 16-åringen til bror sin. Vidare kontakta han ein mulla i Iran og ordna med ekteskapskontrakt. Han undersøkte også moglegheiter for å få transportere ho til Iran -også med tvang. Det vart ikkje nytta vald eller truslar om vald.

Då dottera ikkje såg ut til å ombestemme seg, valde faren til slutt å halde tilbake offentleg stønad frå dei andre i familien slik at dei sleit med å klare seg. Det ordna seg derimot ved at kona fekk utbetalt delar av stønaden direkte til henne.

Bur på hemmeleg adresse

Høgsterett viste til at dottera berre var 16 år då forsøket på tvangsekteskap vart utført, og at den domfelte sin handlemåte må ha vore svært vanskeleg for henne medan forsøkshandlingane vart utførte. Handlinga fekk også konsekvensar i ettertid, ved at den krenkte – saman med mora og søstera – har flytta og no bur på hemmeleg adresse.

Straffeutmålinga på 1 år og 4 månader er den same som utmålinga til lagmannsretten. Høgsterett framhevar at det er ein grunnleggjande menneskerett å sjølv kunne avgjere kven ein skal gifte seg med.