Hopp til innhold

Skulle ta bilde då han fall og omkom

Fredag ettermiddag mista ein 68 år gammal israelsk mann livet ved Atlanterhavsvegen på Nordmøre. Turisten prøvde å ta bilde då han fall frå éi av bruene.

Mann omkom ved Atlanterhavsvegen

Det var ein 68 år gammal israelsk mann som omkom fredag. Ambulansepersonell gjorde forsøk på å gjenopplive mannen, men i 17.30-tida fredag blei han stadfesta omkomen

Foto: brunsvika.net

Det skriv Adresseavisen.

– Mannen var ein turist som var i eit reisefølgje, og vi har fleire vitne til hendinga. Alt tyder på at mannen skulle gjere noko fotografering, og så har han gjort nokre bevegelsar opp mot rekkverket og falle i vatnet,

Det seier Leif Bergem-Ohr, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, til avisa.

Familien blei vitne

Ulukka, der den 68 år gamle israelaren mista livet, skjedde fredag ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.06. Klokka 17.30 stadfesta politiet at mannen hadde omkome.

Mannen fall frå éi av dei tre Hulvågen-bruene ved Atlanterhavsvegen på Nordmøre. Det er om lag fire meter frå høgste punkt på bruene.

– Han fall på ein slik måte at han blei skadd i fallet, seier Bergem-Ohr.

Fleire familiemedlemmer av mannen blei skrekkslegne vitne til ulukka, og familien har i etterkant blitt tilbode krisehjelp.

Den omkomne 68-åringen vil bli uttransportert til heimlandet.