Ville heim og stengde av tunnel

Ein 22 år gamal mann stengde av Blindheimstunnelen på E39 i Ålesund i natt ved å fjerne to brannsløkkingsapparat inne i tunnelen. Fotgjengaren opna to boksar der brannsløkkingsapparat er festa, tømde begge og utløyste automatisk stenging av tunnelen. – Dermed fekk han også tilgang til Vegtrafikksentralen via telefonen i boksane, og bad sentralen kome og køyre han heim. Politiet blei varsla og køyrde han i arresten i staden for heim att, seier operasjonsleiar hos politiet, Arild Reite. Slik åtferd fell ikkje i god jord hos politiet, som oppretta sak mot mannen for å ha misbrukt naudsystemet. 22-åringen var rusa då hendinga skjedde.