Hopp til innhold

Ville hatt snøggtog i NTP

Men forkjemparane trur likevel ikkje toget er gått.

Hurtigtog

LYNRASKE: Snøggtog går oppimot 300 kilometer i timen.

Foto: Deutsche Bahn AG, Warter

- Det er forbausande at det står så lite om snøggtog i Nasjonal transportplan.

Det seier kommunikasjonssjef Thor Westergaard Bjørlo i Norsk bane, som jobbar for tog som går oppimot 300 kilometer i timen.

Står lite om snøggtog

Selskapet vil ha snøggtog fleire stader i landet:

  • Mellom Oslo og Trondheim, med ein avstikkar frå Dombås til Ålesund.
  • Mellom Oslo og Bergen, med ein avstikkar til Haugesund.
  • Mellom Oslo og Sørlandet, over to ulike trasear.

I Nasjonal transportplan for 2010 til 2019 står det lite om snøggtog, utover at regjeringa meiner slike eventuelt berre kan vurderast med utgangspunktet i Oslo.

Thor Westergaard Bjørlo trur likevel ikkje toget er gått.

Ventar på rapport

Thor Westergaard Bjørlo

VIL HA TOG: Thor Westergaard Bjørlo i Norsk bane håpar på snøggtog.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Fleire på Stortinget har vore heilt klare på at dei ville lese om snøggtoget i NTP. Difor er eg sikker på at dette kjem til å verte eit viktig tema når planen skal behandlast.

Han trur også ein rapport Deutsche Bahn offentleggjer i månadsskiftet vil påverke politikarane.

- Den er langt grundigare og meir detaljert enn dei statlege rapportane. Den kjem til heilt andre konklusjonar enn det me har sett før, seier han.