NRK Meny
Normal

Ville du ha køyrt her kvar dag?

No set ordførarane langs riksveg 70 set inn eit ekstra gir for å få rusta opp strekninga mellom Tingvoll og Meisingset.

Mange kjempar for å hindre at opprusting av stamvegen mellom Tingvoll og Meisingset blir utsett i fleire år fordi pengane ikkje kjem.

NRK-reporter Gunnar Sandvik har teke turen langs RV 70. Bli med på køyreturen og sjå intervjuet med Tingvoll-ordførar Peder Aasprang.

– Det er ein frykteleg dårleg veg, seier Tingvoll-ordførar Peder Aasprang om stamvegen.

– Vegen har store sprekkar og manglar den breidda han skal ha. Strekninga er i grunnen ein einaste stor flaskehals, legg han til.

RV 70 er del av den sentrale eksportvegen frå Kristiansund til Austlandet og er derfor tungt trafikkert av langtransport.

– Det er svært smalt her, så to store køyretøy får problem når dei møter kvarandre. Og kvart år om vinteren, så er det nokon som ligg i grøfta. Folk må køyre lange omvegar for å kome fram, seier Aasprang.

Inga framdrift

Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at meldinga kom om at opprustinga av vegen ikkje får den framdrifta som var lova gjennom Nasjonal transportplan. Frykta er at prosjektet vil bli skubba ut i tid.

Artikkelen held fram etter bildet.

Peder Aasprang

Peder Aasprang (Sp) er leiar for styringsgruppa til RV 70. Han seier det hastar med å utbetre stamvegen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

No mobiliserast det blant mange for å sikre pengar til framdrift til ein ny veg. Onsdag ettermiddag var alle ordførarane i kommunane langs RV 70 frå Kristiansund til Oppdal samla for å drøfte problemet.

Ordføraren i Oppdal, Ola Røtvei, er klar på at regjeringa må følge opp med pengar til å setje i gong vidare opprusting.

– Vegprosjektet treng meir pengar, og regjeringa må følgje dei rammene som har blitt lagt opp i transportplanen, seier Røtvei om utrustinga som er rekna til å ha ein kostnad på 380 millionar kroner.

– Skikkeleg standard heile vegen

Mykje er gjort for å gjere stamvegen mellom Kristiansund og Oppdal betre. Det er bygd ny veg mellom Krifast og Tingvoll, medan Oppdølstranda får ein ny tunnel.

Tingvollordføraren, som også er leiar i styringsgruppa for RV 70, er likevel ikkje nøgd. Han vil ha skikkeleg veg heile vegen no, og ikkje eit opphald i arbeidet.

– Det begynner å bli bra, men det hjelper ikkje dersom det er store område langs heile vegen som overhovudet ikkje held mål. Det må henge i hop – heile vegen må ha standarden som ein riksveg og ein stamveg skal ha.

Skuffa over regjeringa

Aasprang seier spesielt dei lokale stortingspolitikarane sit med nøkkelen for å sikre pengane.

– Vi registrerer at det er fleire som engasjerer seg. Både i posisjon og ikkje minst i opposisjon har dei no kome på banen, seier han.

Styringsgruppa RV70

Onsdag var styringsgruppa i RV 70 samla. Frå venstre: André Moltubak i Statens vegvesen, Tingvoll-ordførar Peder Aasprang, Oppdal-ordførar Ola Røtvei og Hilmar Windstad i Samspleis .

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I styringsgruppa for RV 70 sit også Hilmar Winstad i Samspleis, eit selskap som jobbar for ei rekkje av vegprosjekta på Nordmøre og i Romsdal. Han er skuffa over myndigheiter som ikkje innfrir forventingar som kan sikre framdrifta.

– Regjeringa kan gjere noko med dette. Dei la fram eit budsjett med mindre pengar enn kva Stortinget la fram eit halvt år tidlegare gjennom NTP. Dessutan har det vore nokre overskridingar og omfordelingar. Det kan dei reparere gjennom revidert Nasjonal transportplan som kjem ut i mai, seier Winstad.

– Eg synest også at regjeringa burde prioritere å utbetre vegnettet framføre å leggje ned bomstasjonar, avsluttar han.