Hopp til innhold

Vil vurdere opning i ettermiddag

Statens vegvesen vil gjere ei ny vurdering av den rasutsette strekninga mellom Geiranger og Langvatn måndag ettermiddag. Laurdag og søndag gjekk det heile åtte snøras i området.

Snøras i Geiranger

I løpet av helga har det gått totalt åtte ras på Geirangerfjellet. Eit av søndagens ras gjekk over vegen.

Foto: Statens vegvesen

– Vi vil gjere ei ny vurdering i 12-tida måndag, men det er framleis usikkert om vegen vil kunne opne i dag, seier Erna Varhaugvik i Statens vegvesen.

Vegstrekninga mellom Geiranger og Langvatn har vore stengt sidan laurdag på grunn av stor rasfare.

Det er store snømengder i Geirangerfjellet samanlikna med andre år, og det har lagt ned mykje snø i helga.

– Det var meldt nedbør i området i går, så det store spørsmålet er om den kom ned som snø eller regn. Meir snø aukar faren for laussnøskred, seier Varhaugvik

Åtte ras i løpet av helga

Laurdag var vegen over Geirangerfjellet berre open i nokre få timar før Statens vegvesen måtte stenge strekninga på grunn av den overhengande rasfaren.

Snøras i Geirangerfjellet

Vegvesenet vil i dag gjere ei ny vurdering om vegen mellom Geiranger og Langvatn kan opne igjen. Dette biletet er tatt kl. 13 laurdag då vegen vart opna i nokre timar.

Foto: Statens vegvesen

I løpet av ettermiddagen og kvelden laurdag gjekk det fire ras i området og det var difor uaktuelt å opne for kolonnekøyring. Turistbussar som skulle til Geiranger måtte i staden ta lange omvegar.

Søndag gjekk det ytterlegare fire nye ras på den same strekninga.

– Eit av søndagens ras gjekk i tillegg over vegen, fortel Varhaugvik.

Brøyter for fullt i Geiranger

Brøyting på Geirangerfjellet før opninga av vegen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL