–Får følgjer
Filmen "2nd Base" med spektakulære basehopp frå mellom anna fjellet Katthammaren i Nesset vil gje god reklame for kommunen, og teknisk hovedutval ga difor grønt lys til å nytte helikopter til å flyge hopparane opp til Katthammaren og filme hopp.
Redningshelikopter over Eikesdalsfjella. (Arkivbilde: Gunnar Sandvik)
Under filming i førre veke måtte ein hoppar hentast ned frå ei fjellhylle med redningshelikopter og hendinga uroar varaordførar Torvik. Han seier at nestenulukka vil få følgjer for liknande søknadar i framtida.
–Det er ikkje verd det dersom nokon blir skadde. Neste gong vi får ein slik søknad om tillatelse så tenkjer vi oss kanskje ekstra godt om, seier Torvik.
–"Utelanding"
Basehoppar Tom Erik Heimen frå Molde er ein av aktørane i filmen, og han bagatelliserer hendinga.
–Det er omtrent som om ein misser skorne når ein spelar fotball, seier Heimen.
Ein av deltakarane måtte ifølgje Heimen gjere det dei kallar ei "utelanding", altså at hopparen ikkje fekk til å lande der han hadde planlagt som første alternativ.
–Då måtte han lande oppe ved ein kolle, og den er utilgjengeleg utan tau og slikt. Då måtte han ha hjelp til å kome ned derifrå, seier Tom Erik Heimen.