NRK Meny
Normal

Vil vise seg fram for Europa

Vegard Forren storspelte for Molde i Europaligakampen borte mot Sevilla i går kveld. Men til sommaren vil han gjerne prøve seg i utlandet igjen.

Vegard Forren

Vegard Forren vil gjerne prøve seg som utanlandsproff igjen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vi skriv godt og vel midt i februar, og Forren viser storform allereie.

– Europaligaen gjer nok at eg og resten av laget er godt førebudd så tidleg i sesongen. Vi er også godt trente no for å vere førebudde til ein tidleg seriestart heime.

Ingen suksess i Southampton

Han har tidlegare eit opphald i engelske Southampton bak seg, utan at det blei nokon suksess. No understrekar han at han trivst godt i Molde, men at han etter snart åtte år i MFK gjerne kan prøve seg utanlands igjen.

Forren

Gode klubb- og landskampar skal føre Vegard Forren til utlandet igjen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg må berre spele godt for Molde, og har tatt nokre grep for å vere i god form, så får vi sjå om det skjer noko. Ambisjonen er å kome ut igjen, og eg blir ikkje yngre, eg heller.

No er tida inne

Difor er sommarvindauge første sjanse til å bli kjøpt opp. Forren seier at no er tida for å vise seg fram, og er open for det meste. Men først skal han vere med å hjelpe Molde til å kjempe om dei gjævaste titlane her heime.

Han trur at sjansane for å lykkast i utlandet er betre no enn då han prøvde seg i England. Og kanskje er det dit han helst vil tilbake, sidan han har litt å revansjere i Premier League.

– Eg har nok lært noko desse åra, og er veldig motivert og klar til å vise kva eg kan, og veit dessutan meir om kva som skal til.