Hopp til innhold

Vil sette Ålesund på kartet

Hamnevesenet i Ålesund er til stades på Fiskerimessa i Trondheim for å vise fram kva landets største eksporthamn har å by på.

Hamnevesen Ålesund

Synnøve Johnsen og Ole Christian Fiskaa i Ålesund Hamnevesen, deltek på Fiskerimessa for å kome tettare på behova til næringa.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Ålesund har lang tradisjon for fisk og industri, men at byen har landets største eksporthamn, er det få som veit. No ynskjer hamnevesenet å markere seg sterkare i bransjen ved å vise seg fram på årets fiskerimesse.

– Det er viktig for oss å kome tett på næringa og å verte kjend med alle delane rundt, slik at vi kan bu på ei effektiv og moderne hamn til ei kvar tid, seier direktør i hamnevesenet i Ålesund, Ole Christian Fiskaa.

– De er størst på eksport no, men er de klar til å ta i mot meir dersom alle krefter får det slik dei vil?

– Heilt klart. Vi har kapasitet og interesse av å få til det, så svaret er soleklart ja, seier Fiskaa.

Les også:

Må bygge vidare på verdiane i regionen

Med nedgangar i oljenæringa er det viktig å løfte fram fiskerinæringa. Synnøve Johnsen, markeds- og informasjonskonsulent i Ålesund Hamnevesen, er førebudd på det.

– Vi må byggje vidare på det vi allereie har av verdiar, spesielt dei vi har i regionen vår. Fisk er oppe i dagslyset no, og vi har mykje ny teknologi å vise til, seier Johnsen.

Fiskerinæringa jobbar for å ha gode vilkår for den aktiviteten dei har. Næringa er difor opptekne av å ha eit effektivt kaianlegg med låge prisar.

– Vi må sjølvsagt følgje på, men vi skal presentere meir enn berre fisk, så for oss er det viktig at vi greier å balansere dei ulike behova, seier Fiskaa.