Hopp til innhold

Vil utvide regionrådet på Nordmøre

Nordmørssamarbeidet gjennom Ordførar- og Rådmannskollegiet for Nordmøre (ORKidé) har blitt sett under lupa til Telemarksforsking.

Ingunn Golmen

Aureordførar og leiar i ORKidé, Ingunn Golmen, er fornøgd med tilbakemeldingane frå Telemarksforsking.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På oppdrag for ordfører- og rådmannskollegiet på Nordmøre (ORKidé) har dei laga rapporten «Fremtidens ORKidé».

ORKidét har eksistert sidan 1990, og forskarane har sett nærare på korleis det fungerer og korleis vegen vidare kan bli. Dommen fekk ordførarane og rådmennene i ORKidé-møtet tysdag.

Treng meir pengar

– Vi har fått beskjed om at vi må leggje meir ressursar inn i regionrådet. Det betyr det rett og slett meir pengar, slik at vi kan ha ein fast dagleg leiar og at vi styrkar sekretariatet, seier leiar Ingunn Golmen.

Ei slik utviding vil koste pengar. I dag betalar kommunane 10 kroner per innbyggjar for å kunne vere med i rådet, noko som gir ein pott på vel 600 000 kroner. Men det er ikkje nok, meiner Golmen.

– Vi ser jo at tilsvarande regionråd har ein pott på mellom éin og to millionar kroner. Vi bør ha noko midt i mellom, seier ho.

Skeptisk til Nordsmørsting

Telemarksforsking meiner samarbeidet som nordmørskommunane driv gjennom Orkidé, har fungert godt på regionalt plan. Ikkje alle kommunane var med i starten, men slik er det no.

– Er du ikkje redd for at ORKidé kan bli litt "over-kommune", og kan bli ein maktfaktor som styrer over demokratiet i dei enkelte kommunane?

– Nei, det er ikkje slik det har vore. Telemarksforsking kom dessutan med eit forslag med å starte det dei kalla for eit "Nordmørsting" der alle formannskapa kunne vere med, seier Golmen.

– Det er vi litt villrådige, nettopp fordi det då kan oppstå eit fjerde forvaltningsnivå. Førebels så tenkjer vi at om vi skal innføre noko slikt, så vert det eit ikkje eit organ for avgjersler, men for dialog, legg ho til.

Les rapporten fra Telemarkforskning