Selskapet ønskjer å gjere vegstrekninga meir trafikksikker ved å finansiere gangvegen.
I tillegg må det gjerast oppgraderingar og bomstasjonen må rivast. Det inneber bompengar fram til 2010, og kostnaden blir på 15,5 millionar kroner.
Ei ekstraordinær generalforsamling skal behandle saka 7. desember.
Selskapet har i dag ei gjeld på omlag 40 millionar kroner. Den vil truleg vere nedbetalt i løpet av 2008, men no kan altså bompengeperioden bli forlenga til 2010.
Om lag 4.000 bilar køyrer gjennom tunnelen mellom Molde og Fræna kvar dag.