Hopp til innhold

Vil utdanne yrkesfaglærarar i Volda

Høgskulen i Volda satsar på å opprette eit nytt tilbod for yrkesfaglærarar frå hausten 2015.

yrkesfag

For å utdanne dyktige arbeidsfolk krevst det også dyktige yrkesfagslærarar. Derfor ønskjer Høgskulen i Volda å satse på eit nytt tilbod spesielt for denne yrkesgruppa (illustrasjonsbilde).

Foto: Sissel Kvalvik / NRK

Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Volda, Høgskolen i Ålesund og fylkeskommunen. Det nye tilbodet skal vere meir fleksibelt enn dagens utdanning, og gjere det mogleg for søkjarar å kombinere jobb og skule.

Slit med rekruttering

– Vi håpar verkeleg å få fleire inn i utdanninga frå hausten 2015. Vi ser behovet og vi må satse på eit slikt tilbod, slik at vi får fleire utdanna lærarar ved våre yrkesfagsskular, seier assisterande fylkesutdanningssjef, Rune Opstad.

Rune Opstad

Rune Opstad er assisterande fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal. Han håper at eit nytt utdanningstilbod vil bidra til å rekruttere fleire yrkesfagslærarar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Svært mange yrkesfag slit med både rekruttering til læraryrket og til formell undervisingskompetanse. Berre i Møre og Romsdal manglar 100 lærarar i den yrkesretta utdanninga formell pedagogisk kompetanse i tillegg til sin yrkesbakgrunn.

Det er allereie laga konkrete planar for eit utdanningsprogram, men tilbodet er avhengig av at finansieringa kjem på plass.

– Det som vi ventar på no er eit signal frå departementet om midlar til denne satsinga. Når dette er på plass, så vil det neste vere å få rekruttert folk til å ta faget og bli lærarar med fulle rettar, seier Opstad.

Samarbeid med næringslivet

Utdanning av fleire yrkesfaglærarar er også viktig for næringslivet som vil ha gode fagfolk.

Ordninga som no vert planlagt er derfor i tett samarbeid med store firma som vil leggje til rette for at fagutdanna tek vidareutdanning for å bli lærarar. Opstad trur det også kan bli aktuelt med finansiell støtte.

Eg har hatt mange gode samtalar med fleire i næringslivet. Dei er einige i at om ein skal få dyktige folk i næringslivet, så må ein også ha dyktige folk til å utdanne dei som skal ut i arbeid. Næringslivet har derfor vore ein god samarbeidspartnar når det gjeld å få ei yrkesfagslærarutdanning til Volda, seier han.