Hopp til innhold

– Tunnel frå Tomrefjord til Stette er raskare og betre

Ein framtidig veg i tunnel frå Tomrefjord til Stette må greiast ut i samband med bygginga av Møreaksen, krev NHO.

Tomrefjord

NHO vil unngå at Møreaksen går over Ørskogfjellet og vil heller ha tunnel mellom Tomrefjord til Stette.

Foto: Bjarne Pedersen

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg ber om at Statens vegvesen greier ut Stettealternativet.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Møreaksen er eit prosjekt med bru, tunnel og vegar som skal gjere det mogleg å køyre mellom dei tre største byane i Møre og Romsdal, Ålesund, Molde og Kristiansund, utan ferje. Vegsambandet skal avløyse tre ferjestrekningar, og køyreturen mellom Ålesund og Molde vil ta under ein time.

Vil unngå Ørskogfjellet

NHO vil unngå at Møreaksen skal gå over Ørskogfjellet, der det vinterstid ofte er kaos og stengte vegar. Statens vegvesen har greidd ut både Ørskogfjellet og veg over Solnørdalen. No krev NHO at tunnel frå Tomrefjord til Stette også vert arbeidd med som eit alternativ.

– Vi trur at Stette vert ein enklare trasé. Ørskogfjellet er ei ulukkebelasta strekning, der det er store problem med dårleg skodde vogntog. I Solnørdalen er der store friluftsområde som vil gjere det vanskeleg å legge vegen dit, seier Torill Ytreberg. Ho er NHO-direktør.

LES OGSÅ:

Vil få med politikarane

Vert det vanskeleg å få politisk semje om Stette?

– Det trur eg ikkje. Vi må finne dei beste løysingane og dersom vi skal unngå for store inngrep i Solnørdalen og vi vil unngå Ørskogfjellet, så er Stette det som ligg lengst fram i dagen, seier Ytreberg.

Møreaksen

Møreaksen vil gjere det mogleg å køyre mellom Ålesund og Molde utan ferje.

Foto: Illustrasjon / NRK