Vil undersøke område med kvikkleire

Kvikkleireskredet i Gjerdrum gjer at Rauma kommune vil få fortgang i arbeidet med å undersøke sine område med kvikkleire. Rauma har 21 område der det er registrert kvikkleire. Sju soner har høg risiko. – Skredet i Gjerdrum gjer at vi i større gard vil ha fokus på behovet for undersøkingar og tiltak der det er etablert busetnad. Vi har eit ønske om å undersøke alle sonene i Rauma, men vi må starte med å gjere ei prioritering, seier utbyggingssjef i Rauma, Tom Erik Rødven.

Romsdalstrappa, Rampestreken og Åndalsnes
Foto: Øyvind Sandnes / NRK