Det var ein historisk kvartfinalekamp når Molde og Kristiansund kjempa for cupavansement i Molde søndag.
Utgangspunktet var likt for begge: Både kvartfinalen og semifinalen må vinnast om det skal bli cupfinalespel. Molde gjekk seirande ut av duellen.
Første kvartfinale for Kristiansund
Kristiansund har aldri før kome så langt i cupen som i år. For to år sidan gjekk dei til fjerde runde.
Niande august i år slo dei Florø, og var klar dermed klare for sin første kvartfinale.
Cupfinalen blir i år spelt på første søndag i advent. Om Molde eller Kristiansund skulle gå heilt til finalen er det 3. desember som er datoen.
Billettsjef Lars Outzen i Molde FK fortel til NRK at det er selt 6700 billettar på førehand.
– Med flott seinsommarvêr kan det fort bli rundt 8000 som ser kampen, seier han.
- Les også:
Vinnaren av søndagens kamp skal spele semifinale 20. eller 21. september. Sarpsborg og Lillestrøm er klare for semifinale etter å ha vunne kvartfinalekampane sine laurdag.
Det blir trekning av semifinalekampane etter at Rosenborg – Vålerenga er vist på NRK1 søndag kveld.