Hopp til innhold

Håper på Høddvoll-besøk som eliteseriespelar

Vålerenga-klare Sivert Heltne Nilsen har ein draum om å runde av tida i Hødd med opprykk til Eliteserien. Då må han eventuelt møte gamle lagkameratar med eit nytt lag neste år.

Sivert Heltne Nilsen

Her jublar Sivert Heltne Nilsen etter den historiske cuptriumfen i november i fjor. No håper han å avslutte tida i Hødd med å skrive meir historie. Ekstrainfo opp mot bildet: Heltne Nilsen står på Ullevaal - heimebana han skal spele på i 2014.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Eg skal ikkje prate for mykje om opprykk, men å avslutte med eit opprykk i Hødd hadde vore sinnssjukt. Så det er lov å drøyme, men det er framleis eit stykke opp og fram.

Over telefonen ser ein føre seg gliset til Sivert Heltne Nilsen når han pratar. Hødd sin midtbanespelar, frå Volda, pratar om serieavslutninga og om korleis hans noverande klubb minst skal klare kvalikplass.

Draumen er hente inn Stabæk på den andre direkte opprykksplassen, eller kjempe seg gjennom kvalifiseringa til Eliteserien.

Sivert Heltne Nilsen, under hjemmekampen mot Aktobe 18. juli

Sivert Heltne Nilsen i aksjon i Europacupen mot Aktobe. Han blei, utruleg nok, nekta innpass til returkampen i Kasakhstan.

Foto: Arne Flatin / NRK

Augnar minst kvalik

Søndag tok dei sin fjerde heimesiger på rad med 2–0 over Ullensaker/Kisa . Hødd står no med 13 av 18 poeng på dei seks siste kampane, og ligg på tredjeplass i 1. divisjon med seks serierundar igjen av sesongen.

– Ja, no augnar vi minst kvalikplass, og det er det som no har vore målet. Då må vi vinne heime, noko vi har byrja å gjere igjen, seier Heltne Nilsen til NRK.

Hødd tapte tre heimekampar på rad før dei vann fire på rad.

– Vi er gode heime, så om vi tek poeng i bortekampane òg no, så ser det veldig bra ut. Vi har full heng på kvalik, og no må vi berre stå løpet ut.

I 1. divisjon rykkjer nummer éin og to direkte opp. Bodø/Glimt er allereie klare i praksis, medan Stabæk ligg på andreplassen – fem poeng føre Hødd.

I tillegg til dei to øvste, har dei fire neste på 3. til 6. plass moglegheita til å rykkje opp. Nummer tre møter seks, medan nummer fire møter fem. Vinnarane av dei to oppgjera – over to kampar – møtest i ein «kvalikfinale» for 1. divisjon. Vinnar av denne kampen møter laget i Eliteserien som kjem på tredje sisteplass – kvalikplassen.

Sivert Heltne Nilsen

Etter cupgullet er Hødd-spelaren ekstra klar på at laget kan klare alt.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Hadde vore ei stor oppleving

Heltne Nilsen trur det kan bli vanskeleg å hente Stabæk, men viser til at laget frå Bærum har eit tøft kampprogram.

– Går dei på nokre smellar håper eg vi er der og luktar på andreplassen. Men kvalik er som sagt målet, og det trur eg vi klarer, seier Hødd-spelaren sjølvsikkert.

– Men dersom de klarer andreplassen, eller går gjennom kvaliken: Kor rart hadde det blitt å møte Hødd som Vålerenga-spelar i Eliteserien?

– Det hadde vore utruleg artig å spele i Eliteserien på Høddvoll uansett kva lag eg spelar for. Det hadde vore ei stor oppleving. Hødd er ein klubb som betyr utruleg mykje for meg, og at dei gjer det bra ... det er ikkje noko eg heller vil, fortel Heltne Nilsen.

Éin faktor han meiner talar for Hødd er at dei veit – klisjéfylt nok – at alt er mogleg.

– Vi viste det i cupfinalen i fjor, og veldig mange av oss tenkjer verkeleg at alt er mogleg. Vi ser ikkje avgrensingane, og akkurat det er eit svært bra utgangspunkt å ha, avsluttar den Vålerenga-klare Hødd-spelaren.

Trur du Hødd klarer det utrulege og rykkjer opp til Eliteserien? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

Sivert Heltne Nilsen

Sivert Heltne Nilsen har vore i Hødd sidan ung junioralder. Han kom frå Volda og har dei siste åra vore ein motor og krigar på midtbanen til Hødd.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix