Hopp til innhold

Vil teste førarlause bussar i Møre og Romsdal

Du kan kome til å få gå om bord i ein buss utan førar dersom Møre og Romsdal kjem på banen for å teste ut sjølvkøyrande bussar neste år.

Førerløs buss testet i Hamar

Førarlause bilar skal testast i norske byar i 2018. Kanskje kan ein få sitte i ein buss utan førar også i Møre og Romsdal i nær framtid.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Fleire av Norges største byar kan få førarlause bussar på vegane dei neste åra etter at regjeringa sitt lovforslag om å prøve ut førarlause køyretøy blei vedtatt av Stortinget.

Også byane i Møre og Romsdal kan bli testplassar for bussar som køyrer utan førar, om Helge Orten (H) får det slik han vil.

– Det ville vere veldig artig om Møre og Romsdal også kan vere i forkant på dette området, seier leiaren i Stortinget sin transportkomité.

Leder av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H) i førerløs buss på Kbg

Leiaren i Stortinget sin transportkomité, Helge Orten (H), har testa ein førarlaus buss i København.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Spanande

Som leiar i transportkomitéen reiser Orten rundt mange plassar i landet, blant anna for å sjå kva teknologiprosjekt som er sett i gang når det gjeld transport. Nyleg var han i Kongsberg der dei skal teste ut førarlause bussar sommaren 2018.

No håper han at Møre og Romsdal kan vere offensive for å teste ut ny teknologi.

Møre og Romsdal må kom på banen, seier Orten:

– Eg håper vi kan vere såpass framoverlente her i fylket at vi faktisk kan teste ut slike køyretøy på utvalde strekningar. Det er byområda som er mest aktuelle i førsteomgang.

Færre sjåførar

Eit aspekt ved førarlause bussar er at det kjem til å bli bruk for færre sjåførar ettersom bussane styrer seg sjølve ute i det vanlege trafikkbildet. Orten trur likevel ikkje dette på kort sikt kjem til å erstatte bussjåførane.

– Dette vil vere eit supplement til dagens bussrute, der du bruker ein app på telefonen din for å bestille deg ein transport til det næraste kollektivknutepunktet og så kome deg vidare med ordinær busstransport. Det er nok det første bruksområdet.

No blir det ei søkjarrunde på moglegheita for sjølvgåande køyretøy i kollektivtransporten og Orten håper på stor interesse frå dei ulike fylka for å kome i gang.

– No er dette i ein veldig tidleg fase, så det er viktig at fylkeskommunen eller andre aktørar orienterer seg i dette landskapet og ser på moglegheita for at dette kan vere med og bidra til at vi får ein meir tilpassa og betre kollektivtransport i framtida i Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL