Molde Næringsråd har stor tru på at eit anna flyselskap vil starte flyrute mellom Molde og Trondheim.
Dagleg leiar i Molde Næringsforum og Molde lufthamnutvikling, Britt Flo, seier dei har kontakt med fleire aktørar som vurderer dette.
– Det var eit eventyr då Claus Krohn starta selskapet. Ei veke etter at SAS trakk seg ut av Trondheims-ruta var Krohn på banen. Det har vore ei heilt spesiell reise det som Krohn har etablert, så eg syns det er trist at det blei slutten for selskapet no, seier Flo.
Viktig for næringslivet
Ho seier at det er andre grunner enn ruta mellom Mole og Trondheim som gjer at selskapet må legge inn årane.
– Eg meiner at det er veldig viktig for næringslivet å få på plass denne ruta igjen. Vi er i dialog med andre aktørar, og håper derfor å på plass eit nytt tilbod så raskt som mogeleg.
– Kan bli vanskeleg
Flo fortel at dei fleste flyoperatørane sette sitt sommarprogram for to månader sidan, og dette gjer det vanskelegare å sette opp nye fly.
- Les også:
– Likevel ser fleire aktørar på tilbodet. Eg har stor tru på at Widerøe kan vere dei som tar over ruta. Men den som er først på er dei som vil etablere ruta, seier den daglege leiaren.
Sjå TV-portrettet av flygründeren Claus Krohn frå 1. mars 2013: