NRK Meny
Normal

Vil ta over brakk matjord

Dei har alle arbeid tilknyta lokal mat og har etablert det dei kallar Søre Sunnmøre matmanifest. Eitt av måla er å kartlegge og ta over brakk jord og få ungdom til å drive jorda gjennom valfag i ungdomsskulen og Sunnmøre Folkehøgskule.

Styret i Søre Sunnmøre matmanifest
Foto: Arne Flatin / NRK

Magne Larsen bur på Hovden i Hareid, ikkje langt unna golfbana. Han har drive med lokal matproduksjon tidlegare og har gard. Han har teke initiativet til matmanifestet der fem av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre alt har signert manifestet.

Magne Larsen

Magne Larsen er styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest.

Foto: Arne Flatin / NRK

I statuttane for Søre Sunnmøre matmanifest heiter det mellom anna:

«».... skal skape meirverdi ved å bevare, styrke og vidareutvikle den lokale matproduksjonen og matkulturen gjennom å bevisstgjere enkletpersonar, organisasjonar og bedrifter. Søre Sunnmøre matmanifest skal skape stoltheit og identitet...«»

Ungdomar skal drive jorda

Magne Larsen seier at eit tav måla til matmanifestet er at dei vil lære opp ungdomar.

–Mange i ungdomsskulen har lyst på praktisk arbeid og vi vil prøve å få dei til å jobbe i jordbruket. Når vi får fatt i jorda startar me med dyrehald i fjøs på heile Søre Sunnmøre.

Eit anna alternativ er å få etablert ei linje eller valfag på Sunnmøre Folkehøgskule som vi skal kalle frå jord til bord. Der vil dei få dyrke grønsaker blant anna, og dei vil også kunne vere med dersom vi får tak i jord som no ligg brakk for å drive sauehald til dømes.

Thor Erik Andersen er medeigar, kjøkensjef og kokk på Folket Spiseri i Ulsteinvik

Thor Erik Andersen

Thor Erik Andersen er medeigar og kokk på Folket Spiseri i Ulsteinvik

Foto: Arne Flatin / NRK

sentrum. Ein fersk restaurant. Han er ein av dei tre som er med i styret for matmanifestet. Han har eit sterkt ønske om å bruke kortreist mat i restauranten i så stor grad som muleg, men understrekar at kvaliteteten må vere god.

–Det å kunne besøke gardsbruk og hente til dømes grønsaker direkte derifrå er noko heilt anna enn å ta det via butikk og import, seier han.

Matlinje ved SUFH ?

Arve Ertesvåg

Arve Ertesvåg er kjøkensjef og avdelingsleiar ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik

Foto: Arne Flatin / NRK

Arve Ertesvåg er sistemann i trioen bak matmanifestet. Han er kjøkensjef og kokk ved Sunnmøre Folkeghøgskule, SUFH,som i tillegg til å sørge for mat til elevane også driv med omfattande catering.

Han trur det er muleg å få til ei linje eller eit valfag ved skulen der det vert sett fokus på dyrking og innhausting av lokale matprodukt.

Han kjenner til at dette er gjort ved eit par andre folkehøgskular i landet, og meiner det er ein god ide. Også han er sterk tilhengar av å bruke lokalt produsert mat, og gjer dette på kjøkenet ved folkehøgskulen.

Magne Larsen seier dei enno er i startfasen av dette prosjektet, men ambisjonen er å fremje matmangfaldet på Søre Sunnmøre med fokus på smak, særpreg av råvarer og matprodukt frå hav til fjell.

Lokal mat