Hopp til innhold

Vil ta opp gammal tradisjon frå før krigen

Sidan andre verdskrig har det ikkje vore organisert sal av hasselnøtter i Eikesdalen. Aldri før har dei sett så mange hasselnøtter som i år, og no vil lokalbefolkninga satse for alvor.

Eikesdal har Nord-Europas største hasselskog, men skogen gror igjen.

PLUKKAR NØTTER: Eikesdal har Nord-Europas største hasselnøttskog.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er litt av eit nøtteår, sjå kor fine dei er, seier Bjørg Anne Vike.

Ho går saman med andre sambygdingar for å plukke hasselnøtter i det som skal vere Nord-Europas største hasselnøttskog.

Fram til andre verdskrig sanka dei og selde hasselnøtter som ei attåtnæring i Eikesdal som ligg i Nesset i Romsdal No vil dei lokale ta opp igjen tradisjonen.

– Vi har lyst at dei unge skal bli med å ta tak i hasselnøttskogen, men det krev ein god del arbeid. For skogen har ikkje blitt stelt med sidan andre verdskrig, seier prosjektleiar, Marit Wadsten.

I november fekk dei 100 000 kroner i støtte frå fylkesmannen i Møre og Romsdal, for å undersøke om det er mogleg å ruste opp igjen hasselnøttskogen.

– Kortreist og lokal mat er i vinden, så eg trur dette er verdt å satse på, seier prosjektleiar, Marit Wadsten.

Hasselnøtter frå Eikesdalen.

BESTE ÅRET: 2019 skal vere det beste året for hasselnøtter i Eiksedalen som innbyggjarane kan huske.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lang tradisjon med hasselnøtter

For tradisjonen med å plukke hasselnøtter kan daterast så langt tilbake som på 1700-talet.

– Den første skriftlege kjelda på at dei plukka hasselnøtter i Eikesdalen går heilt tilbake 1740, seier lokalhistorikar Bjørn Austigard.

Men problemet med hasselnøtter er at enkelte år kan vere heilt fantastiske, mens andre år kan det vere veldig lite nøtter å hente. Derfor blir det berre brukt som ei attåtnæring.

– Eg hugsar faren min fortalde om at 1939 var eit veldig godt år. Då plukka dei over 14 tonn med hasselnøtter. Så skaffa dei seg maskiner for å skilje dei store nøttene til sal, og selde innmaten til dei små nøttene til produksjon av sjokolade, seier Austigard.

Dette var eit forsøk på å tene endå betre på hasselnøtter frå Eikesdalen, men så kom andre verdskrig, og sidan dette har det ikkje vore satsa på hasselnøtter, fram til no.

– I år har det vore det beste hasselnøttåret nokosinne, eg har aldri vore med på eit betre år. Eg er 74, og har vore oppteken av hasselnøtter i Eikesdalen i 50 år, og aldri opplevd liknande.

Krevjande arbeid

Med 100 000 kroner skal dei undersøke om at det er mogeleg å drive med hausting og sal av hasselnøtter.

Her har dei plukke hasselnøtter som dei skal selje til jul.

VIKENÆT: Desse hasselnøttene kjem frå bygda Vike i Eikesdalen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er eit krevjande arbeid å rydde skogen slik vi kan legge til rette for god vekst av hasselnøtter. Dei treng mykje lys, og no skuggar anna skog for hasselbusken, seier Marit Wadsten.

Med dette prosjektet ønskjer dei å sjå om sal av hasselnøtter kan vere ei god attåtnæring for bøndene i Eikesdalen.