Vil ta omkamp om samanslåing
Haramordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) seier dei vil gripe sjansen til omkamp om kommunesamanslåing, om han kjem. Etter valet ser han opning for å omgjere at Haram skal gå med i nye store Ålesund kommune. Krogsæter seier dei jobbar for å vere aktive deltakarar i samanslåingsprosessen, men han kallar det framleis tvangssamanslåing.