Vil ta frå gardbrukar retten

Mattilsynet vil ta frå ein gardbrukar i fylket retten til å ha husdyr etter påstandar om grove brot på dyrevelferdslova. Ifølgje Mattilsynet har dyre blitt utsett for betydeleg påkjenningar fordi gardbrukaren har stelt dyra så dårleg. Mellom anna skal fleire av dei ha vore stua inn i svært små båsar og ha hatt så lange klauver at dei har hatt vanskar med å gå. Gardbrukaren får uttale seg, før det blir trekt ein endeleg konklusjon.