Hopp til innhold

– Små lensmannskontor må styrkast

Lensmannskontora i Tingvoll og Smøla ser ut til å bli berga, men stortingspolitikar Jenny Klinge (Sp) fryktar for kontora si framtid dersom dei ikkje blir styrka.

Jenny Klinge

Jenny Klinga (Sp) kjempar for å styrke lensmannskontora ute i distrikta.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Politimeistrane har foreslått å legge ned 130 av dagens lensmannskontor slik at Noreg står igjen med 217 tenestestadar. I Møre og Romsdal valde Ingar Bøen å berge Tingvoll og Smøla, men justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge trur likevel desse lensmannskontora går ei usikker framtid i møte og krev at dei blir styrka.

– Om dei ikkje blir styrka, kan dei ha ei uviss framtid.

– Må få auka ressursar

Som ein del av nærpolitireforma leverte Ingar Bøen i desember si endelege innstilling til kor mange lensmannskontor han vil kutte i Møre og Romsdal, der forslaget var å redusere talet frå 26 til 16.

I tillegg til dei tre største byane i fylket vil ein finne lensmannskontor i Aure, Tingvoll, Surnadal, Sunndal, Fræna, Vestnes, Rauma, Haram, Sykkylven, Herøy og Sande, Ulstein og Hareid, Vanylven og Ørsta.

Både Tingvoll og Smøla stod i fare for å vere blant dei lensmannskontora som blei lagt ned. Det ser ut til at det ikkje blir noko av, og no vil Jenny Klinge derimot sjå ei styrking av dei to kontora.

– Lensmannskontor som har færre enn fem tilsette må få auka ressursar.

Vil Stortinget skal behandle spørsmålet

I vurderingane av kva lensmannskontor som skal bestå og kven som skal vekk, har ein blant anna sett på køyreavstand, infrastruktur og spesielle forhold i politidistriktet.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård har ifølgje Klinge uttalt at ein ikkje kan rekne med noko styrking av den type lensmannskontor som ein finn i Tingvoll og Smøla.

– Det er vi i Senterpartiet heilt imot. Vi meiner i høgaste grad at desse kontora også skal få ei styrking framover, seier Klinge.

Senterpartiet har ytra ønskje om at Stortinget skal behandle spørsmålet om styrking av dei minste lensmannskontora.