Hopp til innhold

Vil styrke posisjonen sin

Norske maritime leverandørar ønskjer å styrke sin posisjon overfor verft både i Noreg og utlandet.

Det viser ein ny rundspørjing hos leverandørbedriftene.

Ni av ti meiner cruisemarknaden blir viktig framover og at dei vil satse spesielt på miljøvennlege løysingar.

Det fortel seniorøkonom Anders Merckoll Helseth i Menon Economics. – Ca. ti prosent av omsetninga blant leverandørane i dag er frå det vi kallar grønt utstyr. Dei trur dette kjem til å bli viktigare i framtida og at det er mogleg å tene pengar på det ettersom kundane ønskjer meir og betre miljøteknologi i framtida, seier han.

Anders Merckoll Helseth i Menon Economics.
Foto: Menon Economics.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL