Hopp til innhold

Vil stoppe sjukehusprosess

Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Arbeiderparti vil ikkje kutte i sjukehustilbodet i fylket før finansieringsmodellen bak helseføretaket har blitt grundig evaluert.

Per Vidar Kjølmoen

Leiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen, vil ikkje kutte i helsetilboda før finansieringsmodellen til Helse Møre og Romsdal har blitt evaluert.

Foto: Privat

– Eg meiner at vi ikkje kan kutte i spesialist-helsetilbodet før vi har fått evaluert finansieringsmodellen bak Helse Midt-Noreg, seier Kjølmoen.

Leiaren i Møre og Romsdal Arbeiderparti er bekymra for at sjukehusa i fylket vil starte prosessen med å kutte i spesialisthelsetilboda før tida.

Bakgrunnen er at Møre og Romsdal fylkeskommune har fått greia ut finansieringsmodellen for spesialisthelsetilbodet i Møre og Romsdal. Rapporten frå Oslo Economics tyder på at sjukehusdrifta i fylket er sterkt underfinansiert.

– Eg er skremt over funna i rapporten, seier fylkesleiaren.

Sterkt underfinansiert

– Eg synest det kjem ganske klart ut av denne rapporten at Helse Møre og Romsdal har blitt underfinansiert. Rapporten er forsiktig med å nemne tal, men det kan vere snakk 300 millionar for lite, seier Kjølmoen.

Han meiner helseføretaket bør utsetje alle eventuelle kutt inntil ein har fått evaluert finansieringsmodellen.

– Det er ikkje rett å skjere inn til beinet, dersom det viser seg at den fordelingsmodellen ikkje er riktig, seier Kjølmoen.

– Blant anna peikar rapporten på at ein ikkje har teke omsyn til eksisterande bygningsmasse i helseføretaket. Til dømes har ein splitter ny infrastruktur i Trondheim, medan vi her har gammal og dyr infrastruktur som må rustast opp, legg han til.

– Galskap

Helse Midt-Noreg innførte ein ny modell for fordeling av inntekter mellom helseføretaka St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Helse Møre og Romsdal. Sistnemnde har kome dårleg i den nye modellen med 133 millionar færre kroner færre å rutte med enn året før.

Modellen har allereie blitt justert for å redusere omstillingsutfordringa for Helse Møre og Romsdal frå 2014, men Kjølmoen meiner dette ikkje er nok.

– Nei, og eg trur ikkje at det er ei permanent ordning. Det kom innsparingskrav på 110 millionar då modellen kom, fordi ein meinte at Helse Møre og Romsdal hadde fått for mykje. No ser det ut for at det burde ha vore motsett.

– Då får vi ein situasjon der vi må skjere inn veldig på tilbodet vårt, medan dei andre får gode kår, seier Kjølmoen.

Men det mot kutt i Helse Møre og Romsdal likevel?

– Ja, men det kjem jo an på om ein gjer ei ny evaluering. Dersom det er slik at Helse Møre og Romsdal får 300 millionar for lite i året slik som rapporten tyder på, då burde ein ikkje ha behov for å kutte i det heile. Då vert det heilt galskap å ta store kutt som er verken er nødvendige eller rettferdige.

– No må vi setje oss ned og gå igjennom dette grundig før ein nærast i panikk gjer store kutt som kan få konsekvensar for helsetilbodet i Møre og Romsdal, avsluttar Kjølmoen.