Vil stoppe nedlegging

Eit samla kommunestyre i Sunndal ønskjer å behalde avdelinga for einslege mindreårige ved Sunndal asylmottak. Kommunestyret ber difor om at vedtaket i UDI blir gjort om. Ordførar Ståle Refstie viser til at dette er eit kombinasjonsmottak, og at dei har eit ønskje om å behalde kompetansen ved mottaket.

Ståle Refstie
Foto: Gunnar Sandvik/NRK