Hopp til innhold

Vil stoppe ambulanseutbetalingane

Direktøren i Helse Midt-Noreg ber om at ekstratilskota til to ambulanseselskap blir stoppa straks.

Ambulanse på utrykning
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Administrerande direktør Bjørn Erikstein meiner også at ambulanseanboda i Midt-Noreg må lysast ut på nytt.

Eit advokatfirma Helse Midt-Noreg har engasjert, konkluderer med at den tilleggskompensasjonen det er vedteke at Namsos Trafikkselskap og Inntrøndelag Ambulanse AS skal få, truleg er i strid med EØS-reglane.

Måten helseregionen behandla ambulanseanboda på, har vore svært omstridt. På eit hemmeleg møte i juli vedtok styret i Helse Midt-Noreg at dei to selskapa skulle få utbetalt i alt 84 millionar kroner ekstra i løpet av fem år. Saka førte til at administrerande direktør Jan Eirik Thoresen gjekk av og Bjørn Erikstein vart konstituert.

Saka blir behandla i styret i helse Midt-Noreg i dag (torsdag).