Styret skal behandle budsjettet og må spare 50 millionar kroner. Pasientane har brukt bassenget i 20 år, men er no nedslite.
Fortvilte brukarar
Engasjementet blant brukarane av sjukehusbassenget er stort. Gudrun Mokkelbost er ein av brukarane av det medisinske tilbodet. Ho er fortvilt over at styret i Helse Nordmøre og Romsdal i dag truleg går inn for å legge ned sjukehusbassenget i Kristiansund. Mokkelbost meiner det er heilt unødvendig.
Sjukehusbassenget i Kristiansund (Foto: Helse Nordmøre og Romsdal)
– Det er så mange som brukar dette bassenget og så mange som er blitt hjelpt, at det blir ei heilt anna rekning å betale viss det blir nedlagt.
Prekær situasjon
Situasjonen for bassenget er prekær, seier leiar av rehabiliteringsavdelingane i helseføretaket, Turid Hertzberg. Fleire pålegg gjer at store vedlikehaldsoppgåver må gjerast – utan at det er pengar på budsjettet. Det mest lønsame er å stenge, seier Hertzberg.
– Det er veldig trist, men vi har ikkje pengar.
Vil kjempe
Gudrun Mokkelbost vil ikkje gje seg sjølv om styret i dag vedtek å legge ned sjukehusbassenget. Ho vil kjempe for tilbodet i Kristiansund på vegner av alle brukarane.
– Alle dei andre støttar meg. så vi håper på å få behalde dette tilbodet – i all framtid, seier Gudrun Mokkelbost