Vil starte sikring på Raudsand

Bergmesteren Raudsand ynskjer å starte sikringa av det andre avfallsdeponiet i det opne dagbrotet på Raudsand straks reguleringsplan er klar. Det første deponiet er ferdig sikra før 1. oktober. Harald Storvik i Bergmesteren avviser at dei gjer dette for å få «goodwill» hos staten, i forsøket på å få eit nasjonalt anlegg for farleg avfall til Raudsand. Sekkar med 40.000 tonn møllestøv frå aluminiumsindustrien er dumpa i det nesten ein kilometer lange krateret i deponi 2, der staten eig halvparten.

Møllestøv
Foto: Gunnar Sandvik / NRK