NRK Meny
Normal

Vil starte med møkkaspreiing no

Mange bønder har allereie byrja møkkaspreiinga. Arnold Hoddevik i Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ikkje overraska.

Gjødsling på Jæren

Lite snø og mildvêr gjer at mange bønder startar møkkaspreiinga tidlegare enn vanleg.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Markene våre kan nok freiste bønder til å starte møkkaspreiinga tidleg, men telen bør forsvinne først. Men mange bønder i fylket har blitt freista av miljøprogrammet til Fylkesmannen, som gir tilskot til miljøvennleg bruk av husdyrgjødsla. Det fører til at fleire vil starte spreiinga.

Arnold Hoddevik

Arnold Hoddevik i Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I år har vi hatt ein rimeleg grøn vinter, og kanskje kan bøndene starte allereie. Hoddevik seier at det framleis er tele i marka, og då er det forbode å spreie møkk. Det er ein fordel å vente til veksten kjem i gong, då får ein utnytte gjødsla betre.

– Eg er ikkje så veldig overraska over at folk vil utnytte gjødsla best mogeleg, og i tillegg bidra til at gjødsla er betre for miljøet. Men ingen kan spreie møkk på snødekt eller frosen mark, seier Hoddevik.

Han meiner at det vart stor interesse for dei nye tiltaka som er i det regionale miljøprogrammet for landbruket.

Vinn-vinn-situasjon

Bøndene som vel å starte gjødselspreiinga tidleg i vekstsesongen opplever ein vinn-vinn-situasjon der både miljøet og dei sjølve er vinnarar. Det er det store målet, meiner han.

– Husdyrgjødsla vert best utnytta i god vekstsesong. Altså tidleg om våren, eller så tidleg i vekstsesongen at du kan hauste ei avling etter at du har spreia gjødsla.

Hoddevik seier at på den måten får du utnytta næringsstoffa mykje betre, i tillegg mindre utslepp av luft og vatnet held seg betre i jorda.

– Bonden sparar også pengar fordi ein slepp å kjøpe like mykje handelsgjødsel, seier Hoddevik.

– Dette er eir miljøvennleg

Det har vore vanleg at bøndene å spreie mykje gjødsel om hausten. Hoddevik meiner at det er ikkje bra for miljøet.

– Treng bøndene tilskot for å starte spreiinga tidlegare?

– Ein del bønder har litt lite gjødselkapasitet slik at det er ein fordel for mange å gå vinteren i møte med minst mogeleg gjødsel i kjellaren. Difor har det vore eit press på å spreie gjødsel utover hausten.

– Hindra i å spreie i tide

Bonde Anders Øverbø på Holmestrand i Rauma sa i fjor at møkkakjellarane var stappfulle. Ein lang og kald vinter hindra han i å spreie møkka i tide.

Øverbø seier at største utfordringa når ein skal ha ut møkka er at det må vere tørt nok.

– Det kan lett bli for lite tid til å få ut møkka før graset er for langt, seier bonden.

Han legg til at våren har mange helgedagar som bøndene må ta omsyn til i forhold til naboar og andre.