Vil snart opne fylkesveg

Fylkesveg 61 like før Sulesund ferjekai blir snart opna igjen etter ei trafikkulykke måndag ettermiddag. Vegen har vore stengd i timevis, men vil opne snart, opplyser politiet. – Vi har fjerna dei involverte køyretøya og vegen blir no brøyta og salta, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar i politiet til NRK.