To gonger før har ordførarane i Ålesundsregionen invitert statsministeren til området, og begge gongene er saka send til landbruksministeren utan at dei har fått svar.
No sender dei innbyding til Stoltenberg for tredje gong.
Vil informere om skredfaren
Jan Kåre Aurdal
Etter at regjeringa Stoltenberg tok over, har løyvingane til skredvarsling i Storfjorden blitt sterkt reduserte. No vonar Ålesundsregionens utviklingsselskap at Stoltenberg eller ein annan representant for regjeringa kan komme på eit møte i selskapet. Der vil dei dokumentere faren for eit storskred og kva som trengst for å til eit godt varslingssystem, seier Jan Kåre Aurdal, leiar i selskapet. Han synest det har vore vanskelegare å nå fram til denne regjeringa enn til Bondevik-regjeringa.