Hopp til innhold

Vil slette i pasientjournalen

Helse Sunnmøre får stadig oftare spørsmål frå folk som vil ha opplysningar sletta frå pasientjournalen sin.

- Hittil har vi vore nokså romslege og sletta opplysningar når pasienten har bedd om det. No er det blitt så stor pågang at eg har funne grunn til å gå vidare med saka, seier medisinsk rådgjevar Per Roland. Han ønskjer ein meir lik praksis i heile helseregionen.

Lov om pasientrettar

Retten til å få sletta opplysningar om seg sjølv i journalen kom i den nye lova om pasientrettar for nokre år sidan. Etter kvart som denne retten blir betre kjend, er det fleire som nyttar seg av han. Eit typisk døme er at pasienten vil ha sletta opplysningar om at han/ho har vore til psykiatrisk behandling eller har brukt vanedannande medikament.

- Dersom dette er noko som har skjedd for mange år sidan, kan det kanskje vere rett å slette det. Er opplysningane derimot uttrykk for den aktuelle situasjonen, kan det vere nødvendig å ha dei i journalen som grunnlag for vidare behandling, seier Roland.

Vil ha lik praksis

Per Roland seier at det er ei skjønnssak kva ein kan stryke frå journalen. Pasienten har alltid krav på å få sletta urette opplysningar, men elles kan praksis vere ulik frå lege til lege, frå sjukehus til sjukehus og frå det eine helseføretaket til det andre. Roland ønskjer no at det blir gjort noko for å få til ein mest mogleg lik praksis i heile helseregion Midt-Noreg.