Hopp til innhold

Vil slåst for brunosten

Ap-ordførar Gudny Fagerhol vil kjempe for at meieriet i Ørsta får behalde brunostproduksjonen.

Gudny Fagerhol

Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol er bekymra for framtida til meieriet i kommunen.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Senare denne veka avgjer Tine om dei skal legge ned brunostproduksjonen i Ørsta eller meieriet i Lom og Skjåk.

Arbeidarpartiordføraren i Ørsta likar dette dårleg og fryktar for framtida til heile meieriet dersom Tine no tek bort delar av produksjonen.

–Meieriet er kjempeviktig for Ørsta, først og fremst for dei som leverer råvarer til meieriet. Vi har også mykje landbruksrelatert næring som også blir råka dersom meieriret blir borte, seier Fagerhol. Ho håper leiinga i Tine vil ta omsyn til kor viktig det er for ei landkommune å ha meieri.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL