Hopp til innhold

Midsund og Aukra vil slå seg saman

Kommunane Midsund og Aukra vil gjerne slå seg saman. Ein ny rapport viser stor vilje til samanslåing - men andre vil dei ikkje ha med.

aukra og midsund

Skal du reise mellom Midsund og Aukra i dag, er dei to kommunane skilde av to ferjesamand. Men når Møreaksen står ferdig kan du køyre ferjefritt mellom dei. Då er viljen til samanslåing stor, viser altså rapporten frå konsulentfirmaet Agenda Kaupang.

Einar Øien

Ordførar Einar Øien i Midsund meiner rapporten er eit godt verktøy å jobbe vidar med.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I undersøkinga har både lokalpolitikarane og kommuneadministrasjonen blitt spurt, i tillegg til tillitsvalde og representantar for næringslivet i dei to kommunane.

-Naturleg å slå seg saman

Midsundordførar Einar Øien meiner dette gir eit godt grunnlag for å jobbe vidare for ei samanslåing.

–Dette er eit veldig positivt signal. Og i forhold til vegsambandet mellom kommunane er det naturleg at vi slår oss saman, seier Øien.

Administrasjonen vil ha fleire på laget

Bernhard Riksfjord

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord trur dei vil ha eit endeleg vedtak på plass i løpet av neste år.

Foto: NRK

I rapporten går det elles fram at kommuneadministrasjonen i Midsund meiner Aukra og Midsund blir for smått og ønskjer seg fleire kommunar med på laget. Men politikarane i dei to kommunane svarar at det held å vere to. Dette er eit klart klart signal, seier ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord.

–Rapporten viser mykje positivitet, der det går fram at Aukra og Midsund, viss det er ønskeleg, kan vere ein grei kommune å drive, seier Riksfjord.

Håper på vedtak neste år

Arbeidet med kommunereformen startar no, og det er eit ope spørsmål korleis det nye kommunekartet blir sjåande ut. Riksfjord håper på eit endeleg vedtak i løpet av neste år, men først skal de haldast folkemøter og ei rådgjevande folkerøysting der innbyggjarane får seie sitt.

Med ei slik samanslåing vil den nye kommunen få litt meir enn fem tusen innbyggjarar. Det er langt mindre enn det kommunaldepartementet har signalisert at dei ønskjer. Men Aukra-ordføraren trur likevel ikkje at dei blir nekta å gå vidare med planane. Han håper sentrale styresmakter legg vekt på lokalt sjølvstyre.

–Dersom det er dette innbyggjarane og det nye kommunestyret vil, kvifor skulle vi ikkje få lov?